RSS

5/52 - Det må være en grunn



Veke fem = novelle nr. 5 av 52.

Åh, dette er så bra!

Eg har greidd å halde meg frå å lese resten av Karine Nyborg si novellesamling Ikke rart det kommer kråker, men må berre medgi at eg trur ikkje eg held mange vekene. Dette er så bra. Einaste grunnen til at eg ikkje las vidare no, er at eg vil la novella synke. Desse korthistoriene krev meir av lesaren. Refleksjon. Omtanke. Eg kan ikkje kaste meg over neste med ein gong. Det er ikkje rettferdig. Verken overfor novella eller meg.

"Det må være en grunn" er andre novella i boka, og strekker seg over ti sider (igjen, det kjennes som tre-fire). Det er ei jente som skulkar. Ho veit ikkje heilt årsaken. Ho er trist, men veit ikkje kvifor. Ho har det bra, er flink både sportsleg og akademisk. Ho er snill med veslebror sin og har ein kjærast som aldri vil finne på å forlate ho. Likevel er ho lei seg. Ulykkeleg. Utan grunn. Ho begynner å leite etter årsaker, oppsøke trøbbel. Som for å rettferdiggjere kjenslene. Kvifor alt kjennes så sørgjeleg. Det må vere ein grunn til det.

Og i det samme er den der igjen, en revne i brystet, jeg forstår det ikke, om jeg bare hadde en grunn, en forklaring, jeg snur meg mot ham, brått, presser ansiktet inn mot jakka hans. Han rykker til, ille berørt; så legger han armene rundt meg. Er det noe galt? hvisker han. Jeg rister på hodet.

Språket er fint, fortetta, fantastisk. Skildringane er vestenfor hjartet og østenfor sjela. Eg er fan.

1 kommentarer:

ellikken sa...

Gleder meg til å låne denne på biblioteket neste gang jeg er der. Din entusiasme smitter :)