RSS

8/52 Syng meg i søvn



Eg kom plutseleg på at eg har gløymt novelleutfordringa. Eg som ikkje har tenkt ut kva novelle eg skulle neste gong. Heldigvis er eg omgitt av bøker på alle kantar, og vekas utvalde blei ei frå Frode Grytten sin roman Bikubesong. Ein novellistisk roman, oppdelt i 25 noveller. Dette er mitt andre møte med Grytten, eg har lese ei novelle frå same romanen fordi ho står i læreboka eg brukar i norsk. No veit eg at det er på tide å lese heile boka.

"Syng meg i søvn" er opningsnovella, og sidan novellene kan lesast samanhengande tenkjer eg å gjere nettopp det. Frå begynning til slutt. Ein 40 år gammal mann er hos mor si, som ligg for døden. Han elskar mor si, men har alltid hatt vanskeleg for å seie det til ho. Noko han ikkje har vanskar med, er å vise kjærleiken sin til den engelske gruppa The Smiths. Han refererer stadig til likskap mellom seg sjølv og frontfiguren Morrissey, tekstar frå songane og hendingar frå privatlivet hans.

Eg hugsar noko Morrissey sa om å vere tilfreds. Han sa at det er umulig for eit menneske å vere tilfreds. Du prøver heile livet å bli tilfreds, men du kjem aldri dit, for du legg til sides alt det viktige, du legg all viktige ting til sides mens du ventar på den dagen i livet ditt som aldri kjem.

Mora sitt høgaste ønske er at sonen skal finne seg ei jente. Han bestemmer seg for å la mora gå bort i trua på at han har fått seg kjærast, ei jente som heiter Marita. Før han veit ordet av det har han lova at mora skal få møte Marita allereie dagen etter. Han syklar ned til busstasjonen og forsøker å overtale første jenta han ser til å bli med han heim. Han seier at ho skal få betalt. Ho misforstår sjølvsagt, og gir han ein på tygga. Neste jente kjem sjølv og set seg hos han. Han spør om ho vil vere kjærasten hans, ho ler og spør om dei ikkje bør gå litt rolegare fram. Han dreg attende til mor si, og oppdagar at jenta kjem springande etter. Mor hans får møte "Marita" og kan dermed sovne inn, lykkeleg vitande om at ei så fin jente kan ta seg av guten hennar.

Dette er den dagen mor mi skal dø. Siste dagen i august. Den same dagen som Diana dødde. Bare at Diana dødde i hundre kilometer i timen. Mor mi dør så uendelig sakte.

Eg kan sitere utdrag etter utdrag. Det er så nydeleg skrive, så djupt fortalt om daglege hendingar, livet som omgir oss. Dette var ei kjempefin novelle. Stillferdig, morosam og vakker. Grytten kan verkeleg dette med å skildre, og flettar det saman med utdrag frå The Smiths-songar. Om strukturen i novella har likskapar med songane utover dette, veit eg ikkje. Eg har ikkje spesiell kjennskap til denne musikken. Eg må nok lage ei ny speleliste på Spotify, ei eiga Frode Grytten-spesial til eg skal lese resten av boka. Eg gler meg.

Så skal eg ta på meg dressen min og Morrissey hornbriller, og eg skal gå, som ein blind mann skal eg gå ut i verda, bare gå og gå. Eg skal gå så langt eg treng å gå for å finn ho jenta som eg ikkje veit kvar bur, og som eg ikkje eingong veit namnet på.
Og når eg har gått så langt at eg har funne henne, skal eg ta av meg brillene og spørre henne på nytt: Vil du vere kjærasten min?

5 kommentarer:

Bai sa...

Takk Lena! Denne novella har eg lese for lenge sidan, men eg hugsar ikkje verken forfattar eller novellesamling. Eg tenkte på ho, då eg leitte etter gode tekstar til førsteklassingane mine, men eg klarte ikkje komme på at det var Grytten og Bikubesong. Nå veit eg det.

Anonym sa...

hva er temaet i denne novellen??

Anonym sa...

hva er motiv?

Lena sa...

Anonym: Denne novella er det så lenge sidan eg har lese, at eg hugsar dessverre ikkje noko meir enn kva eg har skrive her. Du må nok lese ho om att og finne det ut sjølv. Lykke til!

Anonym sa...

hva er Komposisjon i teksten