Ikke rart det kommer kråker
Lagt inn av
annkolaas
on fredag 4. februar 2011
Karine Nyborg: Ikke rart det kommer kråker, 135 sider
Da har eg lese ferdig novellesamlinga. Eg hadde ikkje noko val. Det kom ein e-post med purring frå biblioteket, så eg såg meg rett og slett nøydd til å få ho frå meg. Eg skal ikkje lyge. Det gjorde godt. Gjer framleis.
Ikke rart det kommer kråker inneheld elleve noveller, eine vakrare enn den andre. Nyborg skriv nydeleg, og skildrar sårbare menneske så du kjenner det ut i fingertuppane. Det handlar mykje om kjensler, nærleik og avstand, menneske på grensa av stupet. Nokre fell, andre reiser seg. Dei kikar seg attende. Lengtar etter å høyre til.
Eg er fullstendig smitten av denne boka, og har skrive meir om det her og her.
I morgon skal ho leverast attende. Kanskje plukkast opp av ei nyfiken sjel som finn omslaget spennande, har kan hende høyrt om ho? Tru kven som blir den heldige. Blir det deg?
5 kommentarer:
Jeg holder også på å lese noveller herfra, og jeg er helt enig med deg. Det er en kjempegod bok.
Har lest at enkelte anmeldere mener dette kunne vært en lærebok i hvordan skrive gode noveller.
Prøvde å finne denne på biblioteket i går, uten hell. Next time... :)
Hva med fjernlån? Jeg bruker som regel å tinge via nettet, så ligger boka klar og venter:)
Du har overbevist meg. Jeg må bytte ut en av mine andre debutanter i år for å gi plass til denne.
Gjør det! Og mens vi er inne på det; jeg har begynt på Rishøys "La stå"! Så langt er den også f-a-n-t-a-s-t-i-s-k!!
Legg inn en kommentar