RSS

Babettes gjestebud

Karen Blixen: Babettes gjestebud, 82 sider. Oversett av Inger Hagerup

I årets skuleavslutning fekk eg blomstrar og gåvekort frå Libris av dei kjekke elevane mine. Som eg kjem til å sakne dei! Etter å ha hatt flesteparten av dei i tre år (og nokre enda lenger, for eg arbeidde nemleg på ungdomskulen før - kanskje eg skulle begynne på høgskulen og følgje dei enda lenger hihi), er det vemodig ikkje å skulle møte dei til hausten igjen. Eg har sjølvsagt forsøkt å overtale dei til sjølv å bli lærarar, for så å komme attende og søkje jobb hos oss. Av og til er det vanskeleg å gi slepp. Slik er det å vere lærar.

Så var det dette gåvekortet ja. Dei meinte det ikkje var vits i å kjøpe bok til meg og kollegaen min, for vi hadde sikkert alle frå før (mogleg dei har rett i det). Og da er eit gåvekort supert. Som alltid. Eg har eit aldri så lite mål i år, nemleg å lese fleire klassikarar og valet mitt falt på denne vesle flisa av ei bok. Eg har ikkje lest noko av Blixen før, berre litt biografiar og ymse. Og da er tida inne.

Boka er lagt til Berlevåg i slutten av 1800-talet. To søstrer, døtre av ein avdød prest, lever eit ærbart og fromt liv saman med ein aldrande kyrkjelyd. Ein dag kjem franske Babette inn i livet deira. Ho ber om å få arbeide som hushalderske hos dei. Søstrene vil at Babette skal lage så enkel og tarveleg mat som mogleg. Det ingen veit, er at Babette har arbeidd som gourmetkokk ved ein populær fransk restaurant. Når Babette vinner 10.000 franc i lotteriet vil ho lage eit storarta måltid i høve 100-årsminnedagen for presten. Ho sparer ikkje på noko, får tilsendt delikatesser frå Paris og diskar opp med dei lekraste retter. Dei pietistiske gjestane er skeptiske til all jordisk glede, men lar seg likevel rive med under måltidet. Gjestebodet blir ein formidabel suksess. Det kulinariske måltidet opnar for ny innsikt hos kyrkjelyden og Babette får tre ut av skuggen sin og kan endeleg vise seg som den kunstnaren ho er.

Eg synest boka var svært god. Blixen har ei fin forteljarstemme. Ho begynner roleg, andaktsfullt og byggjer opp stemninga i takt med handlinga - som lar seg oppløyse under det store måltidet. Ho skriver stilsikkert og estetisk, og lar lesaren få sjå bak maska. Det som kan sjå ut som ei bygdeforteljing frå nord, utartar seg som ei djupare innsikt om religion og medmenneskelege relasjonar.

God bok. Anbefalast.

4 kommentarer:

linesbibliotek sa...

Jeg holder på med Den afrikanske farmen nå, og er helt betatt av måten Blixen skriver på. Med andre ord tar jeg din anbefaling og gir en tilbake i samme slengen:-)

Birthe sa...

Veldig greit med gavekort :)
Blixen har jeg ennå ikke lest, men Den afrikanske farmen står på listen over bøker å lese.

Knirk sa...

Jepp. Jeg har akkurat kommet hjem fra Blixen museet på Rungsted Lund og det er en stor opplevelse. Har vært der mange ganger tidligere også. Det å se hjemmet hennes, skrivemaskinen, graven under bøketreet. Du burde virkelig reise dit, hvis du ikke har vært der.

annkolaas sa...

Åh, søren. Det tenkte jeg ikke på. Er i Danmark just nu, og København i dag - men det blir nok ikke mer voksenting denne uken - nå er det Legoland og alskens "forlystelser", som det så fint heter her. Men takk for tips:)