RSS

Om bare

Vigdis Hjorth: Om bare, 320 sider

Hun går ikke ut av huset den dagen han kommer til Oslo for ikke å risikere at han ringer mens hun er ute. Hun går ikke ut dagen etter i tilfelle han skal ringe mens hun er ute.

Dette vesle utdraget summerer opp store delar av handlinga i Om bare, ein roman om dramatikaren Ida Heier og Brecht-omsetjaren Arnold Busk. Dei er godt vaksne og gifte på kvar sin kant når dei treffer kvarandre, og opplever ein kjærleik så destruktiv at dei ikkje har auge for andre enn seg sjølv. Dei to. Alt anna blir lite, fjernt, uviktig. 

Ida bur i Oslo, Arnold i Trondheim. Ho er tredve år, gift og har to born. Han er eldre, har eitt born og er påfallande feminin. Ho trur først at han er homofil. Han er slett ikkje hennar smak. Dei treffer kvarandre på seminar, har ei natt saman og det er alt som skal til for Ida. Han er absolutt hennar smak. Dei neste tre åra er ho oppslukt, besett, irrasjonell. Ho går frå mannen sin og ventar på Arnold, om så berre for å få ei natt til. Han held ho på pinebenken, han har fleire kvinner. Til slutt får ho han, og det blir år med elsk og hat. Dei er dramatiske, kjenslemessige og høgst kroppslege. Ingenting skal vere uprøvd.

Det er slitsomt å lese om dei. Men ærleg. Hjorth set fingeren på eit viktig spørsmål ved forholdet. Når begynte det å gå gale, kvifor greier dei ikkje å få det til? Alt ligg til rette for ein djup og god kjærleik. Ida og Arnold har same interesser, trivst hos kvarandre og elskar kvarandre. Likevel gjer dei kvarandre ulykkelege. Gjer kjærleik blind? Må ein ha det vondt for å få det godt? Dei fleste har nok vore der (skjønt dei færraste medan i eit anna forhold - får ein håpe), i eit forhold der begge sakte bryt ned, øydelegg kvarandre, byggjer opp og river ned igjen. Forsøker å halde fast i restane.

Språket er meir intensivt enn dei andre eg har lese av ho, det får fram desperasjonen og gjer det nesten uuthaldeleg å lese. Det gjer opplevinga fullstendig.

Eg likte boka. Anbefalast.

3 kommentarer:

astridterese sa...

denne hadde jeg ikke fått med meg at Vigdis Hjorth har skrevet. Jeg liker henne som forfatter så jeg må nok ta en titt på denne boken, selv om den hørtes litt tøff ut.
Takk for tips!

Ingaplinga sa...

denne skal e sjekke ut! hjorth har nåkken vanvittig gode observasjona, som e aldri tenke på før e les dei i henna bøke. og da e dei kjempeinnlysende!

Lena sa...

Ja, oss lika hinne:)