Lars Petter Sveen: Køyre frå Fræna, 94 sider
Etter klar melding frå fleire hald, blant anna ein kollega frå Fræna - som forresten sjølv ikkje har lese boka enda - har eg endeleg lese denne boka. Eg angrar ikkje.
Køyre frå Fræna er ei samling av tolv gode noveller, som alle tek utgangspunkt i forfattarens eigen heimstad, Fræna. Vi får blant anna møte ein far som har mista sonen sin, ein gut som mistenker at foreldra puttar sovemedisin i maten hans og ein unggut som har køyrt i hel bestekameraten. Alle forteljingane er røyndomsnære, men har likevel noko mystisk og uforklarleg i seg. Nokre meir enn andre. Det er rom for tolking, noko som gjer at handlinga får eit heilt spesielt driv. Novellene held attende og bruker enkle språklege verkemiddel for å få fram ei nærmast uuthaldeleg spenning.
Språket er fint, ordknapt og stilistisk. Sveen meistrar å blande magiskrealisme inn i ei realistisk setting, utan at det senkar kvaliteten. Tvert imot tilfører det historiene ei dunkel og gåtefull stemning.
Eg er overtydd.
Anbefalast.
Bak det vakre av Stian Hamre
for 16 timer siden
1 kommentarer:
Har en del å ta igjen fra bloggen din no ja, du les nok en del meir enn m for tida!
Har en award til de inne hos me, sjekk ut ;)
Legg inn en kommentar