RSS

Beina i gitaren

 Sunniva Relling Berg: Beina i gitaren, 180 sider

Utover i veka veit dei fleste at eg ikkje har mista håret på grunn av ein cellegiftkur. Dei kviskrar framleis om kvifor eg har gjort det. Det blir spekulert i om eg vil ha sympati, eller om eg berre er galen.

Det er sommarferie. Bo er 17 år og lei av å forsøke å passe inn. Ho har barbert av seg alt håret og skuv sakte frå seg alle rundt. Den einaste som ser ut til å få kome nær ho, er 18 år gamle Hans. Dei møtast jamnt, heilt til frå og til-kjærasten hans, Karianne, kjem og bestemmer seg for å satse for fullt. Karianne veit ingenting om kva som har foregått mellom Hans og Bo, og ho er irriterande hyggeleg mot Bo. Skulen byrjar på att og det er vanskeleg for Bo stadig å bli konfrontert med Hans og Karianne som eit par.

Eg synest Relling Berg får fram den destruktive åtferda til Bo på ein fin måte. Ho skildrar godt, leikar seg med språket og måler fram dei rette stemningane. Eg merkar at eg les setningane om og om att, verkeleg tek til meg orda, og det gjer eg berre når eg likar noko skikkeleg godt. Som i UTFOR held ho også her attende litt, for å la lesaren leggje til resten. Beina i gitaren er ei velskriven bok om identitet og sterke kjensler. Det er ikkje lett å vere ung.

Sunniva Relling Berg kjem frå Ålesund (jey!), er berre 24 år og har allereie to romanar på samvitet. Kan ein bli meir misunneleg? Eg har gledd meg til denne boka heilt sidan eg leste den førre. Takk til Samlaget som gjorde ventetida bittelitt kortare.

Anbefalast.


5 kommentarer:

Forfatterfruen Karen sa...

Oj, dette var et nytt bekjentskap for meg, men denne dama skal jeg definitivt få lest etter denne flotte omtalen! :) (Og jeg er ganske misunnelig jeg også.. Hehe.)

Lena sa...

Hehe, det er bra!

Ingaplinga sa...

gjett om e skal lese den i sommer da!
planlegger å få ho til skolen til høsten, hadde ho no i år og det var veldig bra sa dei som hadde norsk i 8. i år! elska at vi har dyktige lokale forfattera!

Lena sa...

Einig! Eg må også prøve å få ho til skulen.

Frøken Vims sa...

Likte denne boka veldig godt, så skal absolutt følge med forfattaren framover! Dyktig, ung dame:)