RSS

Pike med perleøredobb

Tracy Chevalier: Pike med perleøredobb, 239 sider. Omsett av Ragnhild Eikli

For eit par veker sidan kom ein kollega på jobb med fleire nett stappfulle av bøker; om vi hadde lyst på? Ho har fått plassmangel heime, og får ikkje lov til å kjøpe fleire bokhyller, så det var fritt fram til å forsyne seg. Eg greidde utan problem å fylle eit par nett - og likevel var det att ein del til dei andre hardtarbeidande lærarane. Pike med perleøredobb er frå eitt av netta. Filmen har eg tilfeldigvis aldri sett, så da passa det bra å byrje med boka. Andre vegen hadde det neppe blitt. Og heldigvis for det, for denne boka likte eg kjempegodt!

Forfattaren har latt seg inspirere av den nederlandske målaren Jan Vermeer sitt bilete "Ung pike med turban", som blei måla rundt år 1665. Måleriet har av fleire blitt beskrive som den hollandske "Mona Lisa", og det er denne jenta si historie forfattaren har dikta. Den unge jenta Griet byrjar i teneste hos målaren Vermeet sin familie. Ho skal ta seg av forskjellig husarbeid, men skal også gjere reint i atelieret til Vermeet. I atelieriet er det få som har adgang, ikkje eingong Vermeer si kone, og at Griet får denne oppgåva er vanskeleg for ho å svelgje. Griet er ei lærenem jente, som raskt fattar interesse for målaren sitt arbeid, noko han veit å utnytte. I all hemmelegheit ber han ho sitje modell for han, og det skaper sjalusi og intriger i Vermeet sin familie. Når biletet er ferdig tar historia ei dramatisk vending.

Pike med perleøredobb er ei særs fin bok. Sjølv om Griet si historie er oppdikta, er det spennande å sjå for seg at det kan ha vore slik det var. Eg er ikkje historikar, men går ut frå at dei historiske faktaa er pålitelege og realistiske kva Nederland anno 1600 angår. Ryktene fortel at Vermeer sitt biografiske material er sparsommeleg, og at forfattaren av den grunn har latt fantastien få fritt spelerom. Fleire av bihistoriene i boka skal også vere basert på andre verk av målaren, noko som gjer at vi kan lese romanen inn i fleire av bileta hans.

Kunstinteressert eller ei. Anbefalast varmt.

Takk til Unni.

5 kommentarer:

Knirk sa...

Denne leste jeg for noen år siden og likte den så utrolig godt. Husker fremdeles noen av stemningene og huset der hun bodde. Fargene. Fint.

Lena sa...

Ja, en veldig fin bok. Nå har jeg problemer med å bestemme meg for hva jeg skal lese, for jeg er sikker på at det blir en nedtur etter denne.

Elin sa...

Aldri lest boka men har sett filmen. Den er veldig fin :-)

Lena sa...

Den skal jeg også se. Snart.

Melusine sa...

Ah, husker jeg så filmen da den kom ut - veldig bra (inntrykket kan lett igjenkalles ennå!) så jeg kan godt tenke meg å lese boken.