RSS

Oppdrag Mottro

Linda Eide: Oppdrag Mottro. Jakta på gamle dagar, 194 sider

Det er pinleg, men eg er truleg den einaste som ikkje har fått med meg kven denne morosame dama er. Eg trur faktisk dette var første gongen eg høyrde om Linda Eide. Fortvil ikkje. No veit eg det. With bells on! Dette er ei utruleg vittig bok.

Det var eigentleg ganske tilfeldig at deg leste denne boka. Måndag var eg ein snartur innom jobb, og da sto boka utstilt i skulebiblioteket. Eg hugsa så vidt innlegget, og det herlege biletet på omslaget gjer jo også sitt til at ein kvar får lyst til å lese boka, og tok ho med.

I denne boka forsøker Eide å finne ut kva som ligg i utrykket gamle dagar, om gamle dagar var mykje betre før og korleis gamle dagar lever i notida. For å få svar på dette, har ho dei siste ti åra jamnt ringt mor si, Mottro, som har svar på det meste. Sjølv lengtar Eide attende til ei tid ho ikkje levde i, medan mor hennar står trygt planta i ei ukjenneleg notid.

Tast tast tast (ringjer Mottro)

MOTTRO: Ja?
MEG: Hei, det er meg.
MOTTRO: Å hei, er det deg?
MEG: Ja. Fanst det homoar før?
MOTTRO: Nei, ikkje i mitt univers i alle fall. Eg ante ikkje kva det var.
MEG: No må du gi deg.
MOTTRO: Det er sant.
MEG: Men fanst det verkeleg ikkje homoar på Voss før?
MOTTRO: Nei. Jo forresten, det var ein dei snakka om.
MEG: Litt sånn dempa da? (...)

Vi får ikkje berre vite kva Mottro synest om mangt og mykje, men Eide fortel også velvillig om barndomsminner; det vere seg korleis dei feira jul, om livet til sjøs, feriar og bærplukking. Boka er i tillegg krydra med autentiske bilete. Med denne boka viser Eide at ho har glimt i auget og talent for skriving, kanskje ikkje så rart ettersom ho jo er utdanna journalist. Dei artige observasjonane og samtalane gir meg ikkje berre ein god latter, men det tar også meg attende til ei fordums tid.

Tast tast tast (ringjer Mottro)

MOTTRO: Ja?
MEG: Hei. Det er meg.
MOTTRO: Å, er det deg?
MEG: ja. Fanst det feite folk før?
MOTTRO: ja, bevares. Det fanst. Men det var jo meir eit særsyn, ikkje slik som no, at dei går i tog.

MEG: I tog?
MOTTRO: Viss du set deg ned og berre ser på folk, så kjem det jo feite folk forbi heile tida. Men det er kanskje helst i utlandet. Tenkjer ikkje på at det er så mange feite folk på Voss. Her ser folk helst sunne ut. Til og med dei som er litt tjukke. Det er ein fæla fart på mange av dei. (...)

God bok. Anbefalast.




6 kommentarer:

ellikken sa...

Linda Eide er skikkelig heltinne, knakende kul dame. Og boka hennes er ikke bare morsom, den vekker også en god posjon lyst til å gråte en skvett både av kjærlighet, svunnen tid og ettertenksomhet. Man blir utvilsomt rørt, litt provosert, litt forundret og veldig glad.

Fint du likte den! Jeg er ikke overrasket...! :)

Lena sa...

Ja! Ja! Ja!

aariho sa...

Dette er nok ei artig bok, Har skikkelig sans for Linda Eide. Må se om jeg finner denne på biblioteket ved neste anledning.

Lena sa...

Det bør du. Den er skikkelig vittig!

Bjørg, mellom linjene sa...

Denne må eg og sjå å få lese, eg har og veldig sansen for Linda Eide. Gale dama!

Lena sa...

Gled deg!