RSS

Stort og stygt

Olaug Nilssen: Stort og stygt, 156 sider

Eg har vore fan av Olaug sidan eg las Få meg på, for faen!. Ho er morosam, levande og kontroversiell. "Ho tør, der andre teier" - for å sitere Tor, som hadde fast spalte i musikkbladet Topp (den gongen det handla om musikk).

I anledning Det Norske Teatret sitt 100-årsjubileum skreiv Nilssen skodespelet Stort og stygt. Bestillingsverket hausta strålande kritikkar etter urpremieren 2. mars i år, og etter å ha lese dramaet sjølv kan eg ikkje anna enn å føye etter i rekkene.

i Stort og stygt møter vi to nabopar. Det eine paret har ein son på to år og strever med å kome seg gjennom kvardagen, det andre paret ventar sin første son og ser på foreldrerolla frå eit teoretisk og pedagogisk standpunkt. Etter å ha observert foreldreparet i naboleilegheita kjefte og streve med sonen sin gjentekne gongar, er dei overtydd om at dei har med omsorgssvikt å gjere. Dei ventande foreldra har ein spikra plan om korleis dei skal handtere foreldrerolla, og har lest det meste av litteratur som skal førebu deg til nettopp dette. Det andre paret har nok med å forsøke å løyse tidsklemma, og opplever stor meistring dersom dei får sonen til å høyre etter berre ein gong i løpet av dagen.

Dette stykket burde alle få med seg. Her får vi eit eksemplarisk døme på korleis teori og praksis ikkje alltid utartar seg som førespegla. Vi har det eine paret som lever midt i "småbarnshelvetet" (ja, lesar, du har lov til å nikke anerkjennande) med trassalder og rutinebygging, og det andre paret, strukturerte og tilsynelatande perfekte. Stort og stygt viser oss likevel meir enn den tragikomiske situasjonen som oppstår mellom dei to familiane. Det set ord på kjensler som kvar ein forelder har kjent på. Følelsen av ikkje å strekke til, eller uroen for alt som kan gå gale. Og motsett: Peikefingeren vi alle av og til har hatt lyst til å vifte med til dei som ikkje gjer ting slik vi ville ha gjort dei. Det eine paret får også kjenne sorg og avmakt idet det innser at det er noko annleis med barnet deira.

Som klangbotn for stykket har Nilssen latt seg inspirere av Haldis Moren Vesaas sitt nydelege, men fæle dikt "Voggesong for ein bytting". Eg synest det er så sterkt og fint at eg tok meg fridomen til å kopiere det her:

Voggesang for ein bytting
Halldis Moren Vesaas

Bysse bysse stort stygt barn.
Troll blir du kalla med rette.
Digraste gryta må hengast i jarn
om du skal få din mette.
Vogga du ligg i er snart for trang,
du kavar og skrik og vil opp i mitt fang.
Tung er du, tung – og natta blir lang
for den som må bysse ein bytting.

Du er ikkje barnet mitt,
men eitt som er på meg tvinga.
Mitt barn var lite og vakkert og blidt,
og vermde så mjukt mot bringa.
Alle som ser deg, gir meg det råd
at eg burde plage deg, lugge og slå,
så vart du vel henta, så kunne eg få
tilbake det barnet eg miste.

Bysse bytting stor og stygg
-sjå ikkje såleis på meg.
Eg skal ikkje slå deg, ver du trygg,
og ingen skal ta deg frå meg.
Den andre er kvarmanns gull der han er,
men du, du er hata av alle her,
så trengst det da visst at eg har deg kjær.
- No trur eg du endeleg sovnar…

Eg anbefaler både boka og stykket. Om det blir sett opp i Ålesund, skal i alle fall eg sikre meg ein billett.

Gav det meirsmak? Ho har skrive andre bøker. Eg har ikkje skrive om alle, men du kan finne meir Olaug Nilssen herher og her.

Takk til Samlaget for lesareksemplar.

2 kommentarer:

Karen sa...

Hørte de gode kritikkene av stykket ja, men fikk aldri somlet meg avgårde for å se det.. Typisk:) Godt mulig jeg får lest boka heller da. Og takk for diktet!

Lena sa...

Boka bør du absolutt lese:).