RSS

Redd barna

Tiril Broch Aakre: Redd barna, 125 sider

Det er tidleg desember og Tanja skal av garde i snøkaven for å levere borna Jorid og Tore til skule og barnehage. Mannen er på legekonferanse i Brussel og sjølv skal ho førebu ei forelesning om Camus. Familien er prega av å ha mista Ida, dottera på 17 år, for berre eit halvt år sidan, og vi skjønnar at spesielt Tanja slit med å kome seg vidare. Om få dagar har ekteparet 20 års bryllupsdag, og dei har planlagt ei stor feiring av dette.

Handlinga i romanen konsentrerer seg rundt denne dagen som tilsynelatande berre handlar om eit normalt familieliv som går sin vante gang, men likevel ikkje. Vi får innsyn i tidlegare hendingar som kastar lys over denne dagen. Tanja sin bror Michael kjem på overraskande besøk frå fengselet. Han seier han har permisjon, men Tanja veit betre. Paul har ikkje mykje til overs for Michael og veit ikkje at syskena heile tida har halde kontakten. Tanja får òg vite noko som får henne til å tenkje nytt om Paul.

Redd barna er ein stillferdig roman med mykje varme. Tanja har forteljarstemma og greier å mane fram kjenslene til kvar einslege situasjon, som til dømes når ho ser Tore setje på plass skorne sine i gangen, eller når ho finn Ida si fastfrosne lue under snøen. Vi anar at det er noko i gjære, og heile forteljinga røper ein slags ambivalens i alt dei gjer. I alt vi gjer. Vaksne omsorgspersonar som har eit ansvar overfor borna, men som ikkje greier å ta vare på seg sjølv. Tanja tar seg saman for borna si skuld og dei rundt tenkjer at ho taklar det bra, men den som ser korleis ho eigentleg har det, er den rusa broren hennar. Temaet er stadig rundt det eksistensielle, filosofiske kontra det uunngåelege, politiske. Den trygge heimen, som ekteparet flytta til for å redde borna frå den farlege storbyen etter 22. juli, men likevel mista dei eitt av dei. Kva er rett, kva er gale? Korleis kan ein konsentrere seg om å finne fram vottar, kva for eit pålegg å ha på brødskiva, lekselesing - når det kjendest ut som om alt er i ferd med å rase saman? Når det har rasa saman og berre bitane er att og fyller tomrommet.

- Men hvorfor ville de ikke passe på de barna? Hvorfor sa de ikke stopp? spør hun. - Jeg skjønner det ikke, jeg heller, sier jeg. - Er de ikke voksne? spør Tore. - Jo, de er voksne. - Det går ikke an å glemme barna, sier Jorid. 

Gro og Beathe har òg blogga om boka. I likskap med Gro, synest eg Redd barna har mykje av det same som Benedicte Meyer Kroneberg sin roman I beste mening, i alle fall får boka fram same stemninga i meg når eg les. Det er så mange fine setningar. Observasjonar. Eit godt språk.

Bevissthetens øyeblikk, kaller Camus det. Den lille hvilepausen der Sifysos er fri for byrden av steinen, men der skjebnen, uten håp, treffer ham med full kraft. 

Vi gjer så godt vi kan.

God bok. Leseeksemplar fått av Flamme Forlag.

3 kommentarer:

Beathe sa...

God morgen!

Jeg likte denne boken veldig godt og er en av favorittene mine så langt når det gjelder BBP2015, men mye kan endre seg. Jeg har ikke lest den andre boken du nevner og kan dermed ikke sammmenligne de to bøkene. Tusen takk for link til meg :-)

Groskro sa...

Ja, det er en god bok - men ikke en som skilte seg ut dessverre. Og siden jeg leste " I beste mening" først, så likte jeg den best. Takk for link :)

annkolaas sa...

Jeg likte den godt, men ser hva som menes med forfattere som viser en slags "lært flinkhet". Jeg er også enig i at den ikke skilte seg noe særlig ut. En god bok, men det blir nok ingen nominasjon fra meg.