RSS

Finfine bloggar



Eg har fått ein kjempekoseleg award av Labben, som skriv den kjekke bokbloggen Migrating Coconuts (og som også er ho eg fekk tipset om NaNoWriMo frå). Tuusen takk!

Dette var ekstra hyggeleg no når eg er inne i ei heller håplaus periode med skrivinga. Dei første 10.000 orda gjekk så radig, men så sa det plutseleg stopp og eg begynte å hate karakterane, historia, plottet, ja eigentleg det meste med heile romanen. Eg kjem meg liksom ikkje vidare, men har bestemt meg for at eg skal fullføre og greie 50.000 ord. Så no skriv eg berre for å nå målet, pinleg klar over at det er dårlegare enn eg trudde var mogleg.

Eg saknar å lese. Eg saknar å skrive om det eg les. Men bokbloggane tek eg meg sjølvsagt tid til å lese. Og det er veldig kjekt å høyre at nokon les, og jamvel, likar bloggen min:)

Her er reglane for awarden

1. Takk den du fekk prisen av.

2. Kopier prismerket til bloggen din.

3. Fortell om 3 forfattarar du reknar blant dine favorittar, og nemn ei yndlingsbok per forfattar.

4. Send prisen vidare til 5 mottakarar som du føler fortener den.

Tuuusen takk, Labben!

Tre av mine yndlingsforfattarar er;

- Jon Fosse (Morgon og kveld, Melancholia 1 og 2)

- Olaug Nilssen (Innestengt i udyr, Få meg på, for faen!)

- Selma Lønning Aarø (Vill ni åka mera?, En rekke avbrutte forsøk)

Eg gir prisen vidare til fem finfine bloggar eg les jamnleg:

Bokdama

Julies bokbabbel

Knirk

Lesehesten fra Sørlandet

Lesestua mi

3 kommentarer:

Synne sa...

Jeg er virkelig stolt av å være på lista di, Lena:) Og så sammen med slike celebriteter!

Julie sa...

Så hyggelig! Tusen takk :)

Unknown sa...

Dette var virkelig hyggelig:-). Takk takk!