RSS

14/52 Det legendariske bygdedyret



Veke 15 i novelleutfordringa er her, men eg har ikkje kome lenger enn til uke 14. Med påskeferie rett rundt hjørnet skal det nok bli ei råd. Førebels kan eg friste med ein smakebit av Tor Jonsson si novelle "Liket", frå novellesamlinga Nesler, utgitt i 1952. Det mykje omtalte omgrepet "bygdedyret" har kanskje sitt utspring frå denne novella - og det er unekteleg eit veldig treffande namn.

"Liket" er fortald av ein eg-person frå ei lita bygd. Han fortel om vennen sin, Arne, som han var saman med dagstøtt. Som fjortenåring blir Arne råka av ein augesjukdom, og må reise inn til Rikshospitalet i storbyen for å bli frisk. Når han kjem attende, frisk og kledd i siste mote - ein anorakk han har fått av slektningar i Oslo, grip unggutane sjansen til å snu ei positiv hending til noko negativt. Dei meinar anorakken ser snål ut, som eit likklede, og kallar Arne for eit lik. Liket. Anorakken blir lagt vekk, men namnet heng fast. Frå denne dagen blir alt annleis. Bygdedyret har funne eit offer. Åra blir tunge. Det er enklast å vere flokkdyr, og vennen til Arne står på sidelinja og ser vennen sin bli angripe. Gong etter gong. Utan forsvar. Utan grunn.

Ein vakker 17. mai-dag tek Arne livet sitt, og først da tør vennen hans å gå bygdedyret i møte. Rett nok via penn og papir, men ord er betre enn tystnad. Giftige, harde ord. Sveipeslag over det stygge bygdedyret.

Dette er ei veldig god novelle. Tragisk og sannferdig. Ho tek opp eit viktig, og dessverre like dagsaktuelt, tema. Eg trur dei fleste som kjem frå ei lita grend, skjønar bodskapet. Dette fælslege bygdedyret som går etter dei som ikkje følgjer straumen. Janteloven sin store forkjempar. Jonsson var sjølv frå ei lita bygd, og har truleg fått kjenne på klørne til bygdedyret.

Språket er fint. Jonsson tek i bruk metaforar, symbol, kvasse og mjuke ord. Det er sterkt. Ein klassikar.

Anbefalast!

1 kommentarer:

linesbibliotek sa...

Fin omtale! Skal notere meg denne bak øret.