RSS

After Dark


Haruki Murakami: After Dark, 168 sider

Min første Murakami!

After Dark er ei fin, lita bok der alt går føre seg i løpet av ei natt - nærmare bestemt frå klokka 23:56 til klokka 6:52. Forteljaren legg orda i munnen vår, og forteller kva vi ser rundt oss. Vi er midt i Tokyo, og det er Mari som blir introdusert først. Ho er i familierestauranten Denny`s, vekslar mellom å lese og kike ut vindauget. Takahashi, ein ung jazztrombonist set seg ved bordet hennar. Dei kjenner ikkje kvarandre, men har møtst ein gong før, for eit par år sidan. Han forlet ho, men dei kjem til å møtast fleire gongar i løpet av natta.

Eri, Mari si søster, ligg og søv ein annan stad i byen. Ei prostituert kvinne blir banka opp ved eit kjærleikshotell. Ein forretningsmann er på veg heim til kona si. Desse hendingane påverkar Mari på ein eller annan måte. Klokka har så vidt passert midnatt, men for Mari er natta enno ung.

Boka er fortalt på ein veldig skildrande måte, som om lesaren er kameraet som fangar opp motivet. Forteljaren er heile tida til stades og kommenterer. Forklarer kva vi ser, korleis vi oppfattar det - om vi spisser øyrene og høyrer etter, eller er det noko vi berre oppfattar sånn i forbifarta? Eg er jo ein sucker etter metakommentarer, så dette går rett heim hos meg. Eg er kameraet, har eit nysgjerrig blikk, vil gjerne få med alt som skjer. Zoomar inn, venstre, høgre, stoppar opp, tenkjer. Men historia er ikkje mi, eg følgjer regissøren. Eg veit ikkje kva som skjer, kva som ventar på neste side. Eg blar vidare. Leser.

Kvart kapittel er innleia med ei teikning som viser kva klokka er, noko som gjer at forteljinga går vidare. Visaren har flytta seg ti minutt til høgre, vi hoppar eitt hakk lenger uti historia. Eg synest dette er eit fint supplement. Det gjer situasjonen meir levande, aktuell. Det er som om det skjer her og no. Det er denne natta vi opplever. Med auga i kameraet følgjer vi Mari, Takahashi og dei andre gjennom natta si ferd.

Haruki Murakami dreiv visstnok ein jazzbar i Tokyo før han slo gjennom som forfattar. Eg anar det jazzete preget, tonane. After Dark er ei tenkjande bok. Dialogane, hendingane kjem sakte og roleg, men fell tungt. Natta er trykkjande. Den dunkle stemninga ligg som eit teppe over. Det er rom for mystikk, filosofi. Kva er tilfeldig, og kva er planlagt? I mørkret kan alt skje.

Eg trur ikkje dette er det beste Murakami har å by på, men det er berre positivt, for boka er god. Altså har eg mykje betre i vente. Anbefalast!

2 kommentarer:

Bai sa...

Eg har ikkje lese After Dark ennå, men eg er veldig glad i Murakami, og du har rett i at han har mykje å by på! Kafka on the Shore og The Wind-Up-Bird-Chronicle er mine to favorittar!

annkolaas sa...

Da gler eg meg veldig til å lese dei!