RSS

17/52 "Kven sin kropp er dette?"



Veke 17 er her, og jaggu er eg i rute. Årre!

Rønnaug Kleiva: "Kven sin kropp er dette?"
Denne gongen har eg vald ei enkel, kort novelle som står i ei av lærebøkene til elevane mine. Eg seier ikkje at ho er enkel fordi ho er dårleg, men historia er lett å skjøne. Dei fleste tek bodskapet, og greier sjølv å fylle ut der det manglar. Og kva er vel betre enn ein god tekst, som er relativt rask å lese? Sistnemnde seier eg på vegne av elevane. Men eg skal ikkje nekte for at eg sjølv kan bli skikkeleg lei dersom teksten dreg ut i det lange og breie. Av og til er det best å kalle ein spade for ein spade.

Denne teksten kallar det riktignok ikkje berre for spade, men tek i bruk litt fleire reiskapar. Vi er nøydd å plukke opp bitane, lytte til dialogane og sette saman heilskapen. Det er ikkje vanskeleg. Det er ei snakk om ei jente og mora hennar. Dei pratar, et litt og køyrer i veg til sjukehuset. Der blir jenta satt av med eit oppmuntrande "det er ikkje farleg og det gjer ikkje vondt". Jenta er nervøs, men forsøker å fortelje seg sjølv at "vi er samde, mor mi og eg." Ja, er dei eigentleg det?

Eg treng vel ikkje å seie kva teksten handlar om? No skjønar du kva eg meinte med enkel. Men likevel ikkje enkel. Det er eit alvorleg tema og ein vanskeleg situasjon. Kven sin kropp er det? Jenta held fast på at det er hennar kropp. Ho bestemmer over den. Likevel får vi kjensla av at det er mora som får det avgjerande ordet. Novella er kort, men kvart eit ord, kvar ei handling veg tungt. Historia rommar meir og er open for tolkingar. Vi kan lese mykje mellom linjene, noko som gjer ho så fin. Fin å diskutere med elevane, få fram ulike synspunkt, forskjellige meiningar. Steget frå barn til vaksen, abort, opprør, familie, val, lausriving, anger. Aktuell.

Novella finn du her. Teke frå samlinga Caps og andre noveller, 1994. Eg likar ho svært godt.

0 kommentarer: