Mann i mørket
Lagt inn av
annkolaas
on fredag 29. april 2011
Paul Auster: Mann i mørket, 186 sider
Min første Paul Auster! Denne forfattaren har eg høyrt mykje fint om. Flott faktisk. Og det kan eg absolutt skjøne. Eg likte boka kjempegodt!
Den 72 år gamle enkemannen August Brill er lam etter ei bilulukke, og har flytta inn hos den nyskilde dottera si i Vermont. Saman med dei bur også 23 år gamle Katya som akkurat har mista kjærasten sin i Irak-krigen. For å halde tankane og smerta på avstand begynner August å fortelje seg sjølv historier på nattestid. Han diktar opp ei parallell verd der det ikkje har vore krig i Irak, 11. sept aldri hendte og valet i 2000 førte til borgarkrig. Hovudpersonen i denne draumeverda er tryllekunstnar og får vite at den einaste moglegheita for å få slutt på borgarkrigen, er å ta livet av August Brill.
Berre historia her er nok til å gjere boka fengjande og god, men i likskap med kona har han mykje meir på lager. August og Katya nyttar tida til å sjå gamle filmar, tett omslynga i sofaen. I timevis etter kvarandre, film etter film. Dei tek for seg forskjellige scener og tolkar dei. Katya har studert film og granskar teknikken, August er tidlegare bokmeldar og oppteken av dramaturgien. Det er fint å sjå korleis bestefar og barnebarnet kjem nærmare kvarandre i desse stundene, og eg finn også tolkingane utruleg interessante. Sjølv om eg ikkje har sett filmane dei snakkar om, opnar det for nye måtar å sjå, tenkje. Korleis materielle detaljar kan seie meir enn dialogar. Når eg les dette, innser eg at eg ser film litt meir passivt enn eg trudde.
Det er fascinerande å sjå korleis August går inn og ut av denne draumeverda. Kva som er lagt vekt på når det gjeld ansvar, sakn, anger og moglegheita for å endre historia. Kva mennesket er i stand til å gjere for å flykte frå tankane, rømme frå tilvere. Det eksistensielle menneske er ein einsam brikke i ei stor verd. Ei vill verd som rullar vidare. Med eller utan deg.
Mann i mørket er ei kjempegod bok. Anbefalast på det sterkaste!
6 kommentarer:
Eg liker Austers bøker og har lese mange, dette synest eg er ei av dei mindre gode, mao bør du ha mykje å sjå fram mot!
Det var kjekt å høyre, for denne bergtok meg verkeleg!
Eg har ikkje lese denne endå, men Auster er ein stor favoritt! Du har eit mangfoldig og godt forfattarskap framføre deg.
Denne har jeg også lest nylig, men ikke skrevet omtale av den. Turte bare så vidt lese din :)
Som deg, likte jeg boken veldig godt. Jeg ble fasinert av hvordan han forsvant inn og ut av fantasiverden, spesielt sekvensen der hans alter ego fikk oppdraget med å drepe August Brill for å gjøre slutt på krigen. *gåsehud*
Jeg likte også veldig godt å høre småhistoriene han serverte innimellom. Nå gleder jeg meg skikkelig til å lese mer Auster!
Står i hylla mi også, sammen med The New York Triology. Nå har jeg lest mye av kona hans i det siste, så nå må jeg snart prøve med på Auster også.
Legg inn en kommentar