RSS

Sirkus!


Sara Gruen: Vann til elefantene, 360 sider

Jacob Jankowski er 23 år og nesten ferdig utdanna veterinær, da han får beskjed om at begge foreldra har gått bort i ei bilulukke. Han avbryter eksamenen, har verken pengar eller planar, og kastar seg tilfeldigvis på eit tog som køyrer forbi. Slik blir han kjend med Benzini-brødrenes Mest Spektakulære Sirkus i Verden. Mine damer og herrar; Gjer dykk klare til å bli underhaldt.

Vann til elefantene er ei fascinerande forteljing frå 30-talets USA midt under verste depresjonstida. Her får du stifte nærmare kjennskap til sirkuslivet sine opp- og nedturar. Det er ikkje berre snakk om klovnar og elefantar, slik vi nordbuarar er vand med. Her får vi høyre om kuriositetar som kvinner med skjegg og verdas mest tatoverte mann. Midt oppi det heile finn vi intriger, styrt av heltar og skurkar - og kjærleik. Alle dei rette ingrediensane for å gjere lesaropplevinga fullkommen.

Det er den nittitre år gamle Jacob Jankowski, busatt på pleieheimen, som tar oss attende til dei glade sirkusåra. Det kjem sirkus til byen, noko som får Jacob til å lengte etter dei nære, men likevel altfor fjerne, minna. Han er gammal og skrøpeleg, men har framleis sterke meiningar, og det får nokre av dei andre bebuarane til å sjå raudt. Kjem Jacob til å kome seg av garde for å vitje sirkuset ein siste gong?

Boka er spennande, sørgjeleg, romantisk, dyrevennleg (kan nok diskuterast) - og krydra med flotte, autentiske bilete frå omreisande sirkus. Eg må innrømme at eg trudde ho handla om India da ein kollega snakka om ho. Jau da, klart eg skulle lese ho, men ikkje enno. Det var dette innlegget som gjorde meg merksam på kva boka eigentleg handla om, noko som fekk meg til å reservere boka promte. Sirkus er både fantastisk og fråstøytande. Og tiltrekkjande som fy.

Nemnde eg at det kjem film? Med Robert Pattinson og Reese Witherspoon i hovudrollene. Eg måtte sjølvsagt lese boka før filmen kjem!

No kan filmen kome. Eg er klar. Er du?

4 kommentarer:

Ingalill. sa...

Jeg likte også denne, selv om jeg egentlig er imot sirkus.
- slutten er perfekt!

Elida sa...

Delvis klar, boka står i bokhylla:-)

Ingaplinga sa...

må nesten til å lese boka e også no!

Julie sa...

Jeg kjøpte denne boka under bokfestivalen. Har ikke lest den enda, men nå som filmtraileren ruller over TV-skjermen hver gang jeg skrur den på, er det vel kanskje på tide.