RSS

Fvonk


Erlend Loe: Fvonk, 176 sider

Eg rakk ikkje å sure meg meir enn i underkant av eit døgn over ikkje å vinne denne boka i konkurransa til Forlagsliv førre veke, før boka lyste mot meg frå skulebibliotekt. Å, Manuela! Erlend Loe sine bøker er hos meg kategorisert som ein av dei sikre. Sjølvsagt må dei lesast. Og eg las. Men veit de, eg blei litt skuffa. Bittelitt. Det var moro, jau da, det skorta ikkje på det, men eg veit ikkje heilt. Kanskje eg ikkje var heilt klar for nevrotiske menn akkurat no. Førjulstider og alt. Kan hende eg har fått bakverk på hjerna?

Fvonk er ein mann av ubestemmeleg alder, lektor, men eg gjettar på femti. Minst. Etter at Gang- og mosjonsforbundet blei avvikla, har Fvonk vore heimeverande. Sambuaren har flytta frå han og dottera går på skule ein annan stad. Fvonk er einsam og livredd for ukultur og gravide damer. Ein dag får han sjølvaste Jens Stoltenberg som leigebuar, han er sliten og treng ei pause frå å styre landet. Dei finn trøyst i kvarandre og opplever mykje rart. Dei lagar blant anna syden i stova, bannar på serbisk og sender mms-bilete av bæsjen til statsministeren. Fordi han liknar på Jesus.

Eg ser jo at det er ei morosam bok. Yo bananaboy og Fvonk og Helga og alt det der. Eg lear på smilebandet berre av å skrive dette. Men det er eitt og anna eg ikkje var heilt nøgd med. Eg vil seie boka er ein god firar. Og det er jo ikkje så verst. Men, Loe, neste gong. Neste gong må du vippe meg av pinnen. Fullstendig.

Anbefalast. Sjølvsagt. Det er trass alt Erlend Loe. Der er aldri kjedeleg.

3 kommentarer:

Ingaplinga sa...

Åh, takk for at du minna m på den!
Hørte et intervju m Loe på tv'n og tenkte at e måtte lse den, og så ha e heilt glemt av den...
Håpe ho står til den sterke fireren din, e hadde forventninga til en klar sekser etter intervjuet med han. men kan være greit å legge lista litt lavere, da blir kje e så skuffa at e gir den en svak toer... ;)

ellikken sa...

... Men du husket vel å lese med Erlend Loe-stemme inni deg? Det er et must! :)

Lena sa...

Les, Ingaplinga! den e rgøy. Nei, Ellikken, jeg synes dessverre Loe sin stemme er kjedelig og tam. Da hadde jeg i hvert fall ikke likt boka.