RSS

Historien om fru Berg


Ingvild H. Rishøi: Historien om fru Berg, 119 sider

I februar trefte Rishøi meg midt i fleisen, rett i hjartet, innerst i sjelen, gjorde meg mållaus med novellesamlinga La stå . No har eg lest oppfølgjaren, Historien om fru Berg, og er like stum av begeistring. Men om eg ikkje har mæle, har eg framleis orda, og folkens - dette er edelt metall. Gull, rett og slett. Skrivekunst av ei anna verd. Rishøi held fram der ho slutta i La stå. Ikkje kronologisk, ikkje samanhengjande, ikkje dei same menneska. Men dei same kjenslemessige, alvorstunge temaa som grip tak i deg og aldri slepp taket.

Det er fem noveller. Janis Joplin-novella har eg lese og skrive om før, og den likte eg ikkje noko særleg, men dei andre, åh, dei andre! Ei storesøster som mistar veslesøstera, men får ei niese. Ei lita jente som får ein hamster av den fråverande mor si. Ein gut som ser bror sin sakte bli ein annan og ein far som fortel om jentene sine. Alle er hjarteskjerande, nydelege, tankevekkjande. Rishøi gir oss blikket til små born, tankane til ein forelder, nabo, eit søsken. Lengten etter noko. Ho skriv om dei små teikna, dagane før, dagen som endrar alt, dagen etterpå og meir. Om skuldkjensle og sakn.

Men du veit. Hele tida mens jeg bøyde meg fram og snakka med henne og fikk ulven til å gape og hun smilte, så visste jeg at det var gærent. Så hadde jeg så innmari som en hodepine over øynene at Solveig satt hjemme med malin og at jeg ikke visste hva vi skulle ha til middag og at det var bare tre bleier igjen da jeg dro. Men jeg kunne ikke slutte. Det var som om jeg datt nedover en lang mørk sjakt, jeg kunne ikke slutte, jeg datt som i en drøm. Mes jeg stirra på henne og vrei ulven så den skar tenner. Jeg stirra på henne: beina og panna og hendene.

Eg har akkurat lest den siste novella, og det er med gråten i halsen eg oppmodar dykk: Les denne boka.

Anbefalast varmt.

0 kommentarer: