UTFOR
Lagt inn av
annkolaas
on torsdag 22. desember 2011
Sunniva Relling Berg: UTFOR, 205 sider
Hurra for lokalbiblioteket! Eg var innom for å hente to gamle, reserverte bøker, og fann ei eiga utstilling av Brageprisnominerte bøker. Splitter nye, og nesten alltid utlånte, bøker sto der og lyste mot meg. Eg raska med meg halvparten av dei, og bør kanskje unnskylde meg for å ha øydelagt utstillinga? Eg får vere rask, så ho blir fylt opp for andre lesarar.
Dette er ei av dei betre ungdomsromanane eg har lest. Saman med mor og far, flyttar skuleflinke Lea til ei øy. Lea blei mobba ved den gamle skulen sin, og foreldra håpar at det skal gå betre på den nye skulen. Her skal ho få ein ny start, og det går ikkje lang tid før ho blir kjend med naboguten Jonas og søskena Mads og Mia. Lea opplever eitt og anna som gjer at ho skjøner at det har hendt noko på øya, men ingen ser ut til å ville ta på seg ansvaret for å innlemme ho i løyndommane. Ho må sjølv forsøke å samle trådane, og når ho ein dag får eit brev frå Jonas si bestemor, dett bitane på plass.
Eg synest forfattaren skriv unekteleg godt, og er imponert over den unge alderen hennar. Ho skildrar ungdommane svært treffande, utan å leggje for mykje av handlinga i munnen på lesaren. Eg er like usikker på hovudpersonane som Lea er, like ivrig etter å forstå kva dei gøymer. Eg finn dei truverdige. Det einaste eg vil setje fingeren på, er at slutten kom litt for brått. Eg rekk liksom ikkje å tenkje over kva som har hendt før boka er ferdig. Eg saknar eit par sider til, ein litt mjukare overgang til avslutninga.
Det er heilt klart ei god bok. Anbefalast.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar