RSS

Frå Ragnar til alle. E-post i utval

Frå Ragnar til alle. E-post i utval, 143 sider

Fra: Ragnar Hovland
Sendt: 26. september 2001 11:35
Til: Samlaget
Emne: Råd i kvardagen

Har du stundom ei kjensle av at ingen legg merke til deg? Ta kjensla på alvor og gjer noko med det: Gå heile trappa, frå 1. til 5. høgda, opp og ned ein 10-15 gonger. Trø hardt og tydeleg. Etter ei stund vil truleg folk begynne å lure på kven det er.

-------------------------------------------------------------------------------------

Ragnar Hovland var i ei årrekke litterær konsulent ved Det Norske Samlaget. Han hadde kontortid eit par dagar i veka, og desse dagane blei dei andre tilsette bombardert med Ragnar Hovland sine kortare og lengre e-postar med ymse tema. For mange av kollegaene blei dette vekas høgdepunkt, og det skjøner eg godt for denne fyren er vittig. Eg har lest fleire bøker av han før, men det er som om eg frå kvar gong gløymer kor morosam han faktisk er.

Fra: Ragnar Hovland
Sendt: 8. april 2002 13:04
Til: Erle M. Stokke
Emne: Automatisk svar når du er borte frå kontoret: Dersom vi hadde hatt president...

Eg er Ragnar Hovlands fråversassistent. Hovland, eller The Boss, som vi gjerne kallar han her, er ikkje på kontoret. Normalt sett er han her på ons- og torsdagar, men kva er "normalt" i vår tid? Elles slit eg med litt angst for framtida, men det har kanskje berre med årstida å gjere?

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Boka er ei samling av e-postar han sende til dei tilsette i løpet av 2000-2009, og vi får blant anna lese om forbrukartestar, livsfunderingar om mangt og mykje, hjartesukk frå den einsame fråversassistenten, funfacts om pungdjevlane - med tilhøyrande bilete og meir. Mykje meir. Eg kan ikkje anna enn å plukke ut nokre eksempel, men tru meg når eg seier at desse små dryppa ikkje er i nærleiken av å vise kor artig denne boka faktisk er.

Fra: Ragnar Hovland
Sendt: 29. mars 2007 12:42
Til: Det Norske Samlaget
Emne: Visning

Eit klassisk Berit Teppen-visittkort ligg no til framvisning på prosjektkontoret. Berre i dag.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ei særs lattervekkjande bok. Anbefalast sterkt.

Takk til Samlaget for lesareksemplar.




6 kommentarer:

aariho sa...

Denne boka har jeg lyst til å lese! Fint tips om ei bok en kan le av og med!

Lena sa...

Ja, denne ler du garantert av.

Karen sa...

Ønsker meg denne sjøl, og gleder meg allerede! Hovland er fantastisk:)

Silje sa...

Denne har jeg liggende, og gleder meg masse. Ser ut som en fin bok å ta innimellom tunge tak:-)

Lena sa...

Absolutt!

Aina sa...

Denne gler eg meg til - likar at du "anbefalar den sterkt" :-)