RSS

Fugletribunalet

Agnes Ravatn: Fugletribunalet, 208 sider

I år blir det ein særs god bokhaust. Agnes Ravatn har (endeleg!) skrive ei ny bok, Ragnar Hovland sine e-postar i utval har kome i bokform (eg er allereie i gong med ho, hysterisk morosam bok.), Erlend Loe, Selma Lønning Aarø og Helene Uri kjem med nye romanar. Og sjølvsagt fleire, men det er desse eg er mest oppteken av.

Men no skal det handle om Ravatn. Har du gløymt kven denne fantastiske dama er (går det an ikkje å vite det?), eller kva ho har skrive før, kan eg friske opp minnet ditt her, her og her. Har du ikkje lese noko av ho før? Ein. Skam deg. To: Gjer noko med saken snarast råd. Ho er truleg den mest morosame dama i landet.

Fugletribunalet handlar om tv-kjendisen Allis Hagtorn, som etter ein skandale rømmer frå offentlegheita. Ho får seg jobb som hushjelp og gartnar for einstøingen Sigurd Bagge, i ein eldre trevilla i ein nokså aude stad ved fjorden. Ved å fokusere på dei daglege gjeremåla forsøker Allis å ta ein dag av gongen og gradvis bygge seg opp att, men Sigurd Bagge si lunefulle åtferd gjer ho stadig meir usikker. Kva gjer han på arbeidsrommet sitt heile dagen og kvar er kona hans? Sigurd Bagge har mange løyndommar og Allis har vanskeleg for å slappe av i nærleiken av han. Likevel er ho meir fascinert enn skremd, og sjølv om ho står fri til å reise når ho vil, vel ho å bli.

Både Allis og Bagge har av ulike grunnar trekt seg attende frå samfunnet og forsøker å finne rotfeste i einsemda. Allis ser ut til å gløyme kvifor ho reiste frå alt, og ho blir stadig meir opptatt av Bagge. Bagge gir lite av seg sjølv, noko som gjer ho frustrert og lengtande etter meir.

Eg skalv lett. trekte pusten djupt. han tok eit steg fram, bøygde seg mot meg. Han lente seg ned til meg. Så la han ansiktet mot kinnet mitt, leppene mot øyra mitt. Eg lukka augo, den varme pusten hans mot øyra sende lyn nedover ryggsøyla.
Hore.
Han reiste seg og snudde seg mot fjorden, mot månen. Så gjekk han sakte opp trappene.

Ravatn har nok ein gong skrive ei glimrande bok. Med Fugletribunalet viser ho at ho er meir enn berre humor og kvikke replikkar. Historia er meir intens og djuptpløygande, og slutten tar ei overraskande mørk vendig. Ravatn skildrar menneskesinnet på ein truverdig måte, ho bruker naturen og fargane og gir små drypp av hint som driver historia framover. Det er ikkje berre Allis som blir oppgitt over Bagge, men lesaren vil nok også rive seg i håret av frustrasjon over denne kompliserte framferda. Forholdet deira gav meg assosiasjonar til klassikarar som Jane Eyre, Stormfulle høyder, Skjønnheten og udyret og alle desse ambivalente tosemdene. Når alt kjem til stykket, er vi berre menneske som vil bli elska.

Ei veldig god bok. Bravo, Ravatn!

Takk til Samlaget for lesareksemplar.



7 kommentarer:

aariho sa...

Takk for godt innlegg om denne boka! Enda en bok som havner på biblioteklista mi!

Lena sa...

Selv takk! Ja, sånne bøker må en bare spre rykter om:).

Beathesbokhylle sa...

Har kun lest en kort tekst av henne i sommer i "Sommerperler 2013" den teksten var hentet fra en av hennes bøker,så jeg skammer meg litt for at jeg ikke har lest mer av henne, men jeg har tenkt å lese både Veke 53 og Fugletribunalet nå i høst med sistnevnte på leselisten for september!

Lena sa...

Å, da har du mye godt i vente!

Tone H sa...

Leste om henne i Aftenposten her forleden. Og etter at jeg har lest innlegget ditt; ser at jeg har gått glipp av mye. Men det kan en, som du skriver, gjøre noe med. Ragnar Hovland her jeg lest noen bøker av. Så der skammer jeg meg ikke, :) Fint innlegg forresten!

Lena sa...

Takk! Heldigvis er det aldri for sent å få en god leseropplevelse.

Bjørg, mellom linjene sa...

Denne gleder eg meg veldig til å lese, eg er litt Ravatn-fan.