Eg har tenkt å kose meg med desse bøkene i påska. (Bileta er veldig små og dårlege, men sånn er det ofte med meg.)
9. april skal eg skrive om Kjør! i bokbloggturneen. Boka har fått gode kritikkar, så dette ser eg fram til.
Enmannsorkester skal eg blogge om i bokblogturneen 21. april. Eg veit null og niks om boka, men er open for ei god overrasking.
Påskeparaden er sjølvsagt eit must i påska. Den einaste kjennskapen eg har til Richard Yates, er den vakkergrusomme Revolutionary Road, som eg kun har sett på film. Eg gler meg veldig til å lese denne.
Engelens spill er ein frittståande toar til Vindens skygge. Eg er klar for å bli fortapt i mystikk og spenning.
Kva skal du lese i påska?
2 kommentarer:
Både enmannsorkesteret og påskeparade er to bøker jeg har lyst til å lese. Spent på hva du syntes!!
God påske til deg fra meg!
Takk det same!!
Legg inn en kommentar