RSS

Vrimlande suksess



Då Samlaget presenterte årets bøker i Ålesund i fjor haust, blei eg introdusert for ein av bestseljarane deira: Vrimlebøkene av Rotraut Susanne Berner. Ordet bestseljar vekka som vanleg mitt øyre, og eg for av stad for å låne Vintervrimlebok på biblioteket. Og jauda; min treårige son E-HELSKA boka!

Vintervrimleboka er på nynorsk (sjølvsagt), men det er ikkje tekst i boka, berre bilete. På baksida får vi ein kort introduksjon av nokre av karakterane i boka. Det er til dømes papegøya Niko, som stadig er på rømmen og du kan leite etter han på alle sidene, Birgit som spring etter bussen, Anders som joggar kvar morgon og mistar lommeboka og nøkkelen sin. Ida som skal til parken og stå på skeiser, Lene og Thomas som er på veg til tannlækjaren osv osv. Første sida opnar med eit bilete av huset alle bor i (det er fleire leilegheiter i huset), og så er dei på veg til parken (som er sistesida). Alle har kvar sitt ærend, og det skjer noko med dei på kvar side.

Det som er så genialt med denne boka, er at kvar side er full av detaljar, og du merkar noko nytt kvar gong du les boka. Eg har lese ho ein god del gongar no (at sonen min aldri blir lei, må vere einaste minuset med boka), men oppdagar stadig noko nytt. Eg tek orda i eigen munn, og kan dikte og la historia gå slik eg vil. Eg er sjølvsagt litt bunden av kva som skjer med personane, men det er utruleg mykje å finne på sjølv. Sonen min kan dessutan også dikte litt. Det er uansett kjempekjekt for han å hugse att kva som er på sidene, og han blir like glad kvar gong han finn papegøya Niko.

Sidan boka var så populær, overraska eg han med Haustvrimlebok, som eg kjøpte på mammutsal. Og då fekk vi ei gledeleg overrasking: Bøkene følgjer kvarandre, og det er bilete av same bakgrunnen på sidene i boka. Ein morosam ting er at barnehagen som skal opnast i haust (som det står på skiltet i Vintervrimleboka), opnar i Haustvrimleboka. Isen har smelta av vatnet i parken, og blada på trea har fått haustfargar. Det er i det store og det heile same boka, berre i haustdrakt. Og ein viktig skilnad; det er dei same personane som i vintervrimleboka, men bakpå boka har andre personar også fått ein liten introduksjon.

Eg synest rett og slett Vrimlebøkene er knallgode! Sonen min er dessutan eit godt prov på at borna likar dette. Eg plar å "lese"/ fortelje boka i dialekt, så for dei som kanskje ikkje likar nynorsk så godt, så har ikkje det så mykje å seie. Born likar å vere med på å fortelje historia i boka sjølv, og desse bøkene er perfekte for det. Kanskje kan barnet og den vaksne bytte på å fortelje annakvar side også? Born er glad i gjentaking, og kva er betre enn ei bok som inneheld det same, men som likevel kan varierast både mykje og mindre? Dersom du les Marihøne sin bloggpost om høgtlesing for born, vil du sjå at Vrimlebøkene oppfyller fleire av kriteria ho listar opp.

Eg vil også anbefale ei anna bok borna mine har lagt sin elsk på: Se og si av Kari Grossmann. Den går ut på det same, masse bilete og detaljar og ein elg du kan finne på kvar side. Boka har ei litt anna utforming, og legg vekt på til dømes leikeplassen og kva ting ein har der, kjøkkenet og kjøkkenting og liknande.

Vi har nokre bøker i heimen som er helt opprivne og fulle av matrestar, grunna hyppig bruk. Se og si er heilt klart ei av desse. Eldstejenta vår elska denne boka, og i seinare tid var det sonen min som la sin elsk på ho. Når det er sagt, må eg nemne at Vrimlebøkene er harde og vanskelege å rive. Du kan til og med vaske sidene med klut. Enda eit pluss for vrimling, altså!

Kari Grossmann har skrive fleire bøker, og Barnehageboka mi har også vore ein slager i huset vårt. Den er litt annleis, med tekst, og tek for seg borna sine opplevingar gjennom eit barnehageår. Eit must for dei med barnehageborn!


Har du småtroll i alderen ett til fire, er det ingen grunn til å ikkje prøve ut desse godbitane. Kos dykk!

4 kommentarer:

Marianne sa...

Vi er veldig glade i Kari Grossman sine bøker, både de om Lillesøster som er en mer vanlig historie fra et lite barns hverdag, se & si, pekeboka, barnehageboka og bøker som egentlig er ment for litt større barn, Telleboka og ABC-boka (som vi har lest i fra 2 årsalder). Fine tegninger, og masse å snakke om og ikke så kjedelig for de voksne heller. Plukket også med meg vrimleboka fra mammutsalget, vi har ikke fått lest så masse i den ennå, men tipper den også blir suksess når vi får prøvd den skikkelig ut. Artig at de følger årstidene, finnes det en sommer- og en vår-vrimlebok også?

Lena sa...

Å herlighet! Jeg glemte at det er hun som har "Lillesøster-bøkene" også. Ja, de er også en megasuksess hos barna mine. Hver gang vi er på biblioteket, vil de låne "Lillesøster", ofte den samme igjen og igjen. Kari Grossmann er veldig dyktig!

Det glemte jeg å skrive. Ja, det finnes Vårvrimlebok og Nattvrimlebok (hvor alt er mørkt), men jeg har ikke funnet sommervrimlebok. Tipper den kommer:)

Abydaby sa...

Sommervrimleboka er egentlig bok nummer 3 i rekka (Vinter-, vår-, sommer-, haust-vrimleboka og nummer 5 blir da Natt-vrimleboka)
Det er ikke viktig å ha dem i riktig rekkefølge, men det gir en ekstra dimensjon da det faktisk er historier som går fra bok til bok... Noen som blir kjærester, andre som skal på bryllupsreise i Haust-boka, og som er blitt gravide i Natt-boka... Som du nevnte: Bygginga av barnehagen osv... Vi elsker bøkene hos oss. Selv om det er ett-åringen som er den egenlige eieren, så ferskes mamma ofte med nesa i dem! Aldersgruppe 2-5? 0-100 er mer korrekt!!!

Lena sa...

Takk for god info! Dette visste eg ikkje. Då må vi jammen ein tur til biblioteket og høyre om dei kan kjøpe inn. Femåringen min er ikkje så interessert, men som du, er eg (og faren) også veldig fascinerte:)