RSS

13/52 Rødme



Veke 13 er her. Eller, det vil seie, vi har vel kome midtvegs i ho allereie. Meir. Veka er nesten over. Snart er veke 14 nesten over i veke 15 og eg sit her igjen og klagar over at tida flyg. Men ho gjer det. Eg rekk knapt å stoppe og tenkje før tida er over. Augneblinkane, opplevingane. Dei flyt over i heilskapen, som dreg dei med vidare. Attende er berre minna. Heldigvis finnast det dei som kan stoppe opp og forsøke å fange opp desse stundene. Utvide dei, spreie dei utover, i sakte rørsle slik at vi kan oppleve dei enda ein gong. Med sansane intakte. Det er ikkje alltid vårt minne, men det gjer godt likevel. Å få delta i augneblinken, kjenne følelsane på kroppen.

Da er det godt å ha novellene. Desse korte historiene som ofte tek utgangspunkt i nettopp desse flyktige episodane ein knapt registrerte, men hugsar fragmentar av. For sterkt inntrykk gjer dei. Ettersom tida går, blir det stadig vanskelegare å fylle ut tomromma. Til slutt renn minnet ut i inkje. Espen Haavardsholm er ein av desse som greier. I novella "Rødme", som tek utgangspunkt i ei barndomsoppleving, kan hende den aller første forelskinga. Hovudpersonen er i eit jebursdagsselskap. Det er midt i januar. Snøv og kaldt ute, varmt og brennande inne. Han held fast ei appelsin i halsgropa, skal gi ho vidare til nestemann kun ved hjelp av kroppen. Slikt krev berøring. Og det er ho som er nestemann. Gun-Eva. Uoppnåelege, vakre Gun-Eva med skråsmil og tendensar til frekner på nasen.

Hendinga er over på nokre minutt, sekund kanskje, men hovudpersonen tek ho med seg. Hugsar ho i fleire tiår etterpå. Den grove appelsina, det glatte kinnet hennar. Eit par centimeter mellom dei. Vinteren er ikkje kald etter dette. Ei appelsin er ikkje lenger berre ei frukt.

"Rødme" er ei kort novelle, men augneblinken er enda kortare. Haavardsholm skriv utfyllande om noko eg trur dei aller fleste kan kjenne seg igjen i. Vi har nok alle ein eller fleire slike augneblinkar å gjere rede for, med eller utan appelsin.

Ei fin, lita novelle. Anbefalast!

ps. Novella er henta frå Noveller om ungdom, 2002

pps. Forfattaren har også skrive ein fin trilogi som er verd å få med seg. Eg har til no berre lest første boka, Gutten på passbildet, men har store planar om å lese resten ein gong i tida.

6 kommentarer:

ellikken sa...

*sukker henført*

Du skriver så fint!

annkolaas sa...

Takk!! Nå rødmer jeg;)

Stine Marie sa...

Høres ut som en søt novelle :) Og trilogin til Haavardsholm står på leslista mi, så det var kjekt å høre at du likte den første boka :)

Askeladden sa...

Ja, fantastisk bra skrevet!!!

annkolaas sa...

Snillinger!

Bai sa...

Veldig god omtale!

Eg hugser denne leiken frå tidlege tenår, sjølv og kjenner at eg raudnar litt med tanken.