Det synger i gresset
Lagt inn av
annkolaas
on søndag 24. april 2011
Doris Lessing: Det synger i gresset, 189 sider
Mitt aller første møte med Doris Lessing, ein verdsomsfemnande forfattar som fekk Nobels Litteraturpris i 2007. Og sjølv om eg berre har lese denne boka, tør eg påstå at det var velfortent. Eg elska Det synger i gresset, og er sikker på at eg ikkje blir skuffa av dei andre bøkene hennar (som eg sjølvsagt berre må lese). Det er heilt utruleg at dette er debutboka hennar! For eit innsyn i mennesket sine innerste tankar, kjensler og handlekraft.
Vi er i Sør-Rhodesia (Zimbabwe), 1950-talet. Første kapittel opnar med eit gåtefullt mord. Mary Turner blir funne død på verandaen i huset sitt. Tenesteguten deira har tilstått drapet og ein går ut frå at han har vore ute etter verdisaker. Politi og naboar snakkar saman. Kva har skjedd? Kvifor? Det blir nemnt at Mary ikkje var særleg snill mot tenestefolka sine. I andre kapittel blir vi tekne attende til Mary sin oppvekst. Ein ikkje særleg lukkeleg barndom. Ho får seg arbeid i byen og lever eit takksamt liv til ho er over tredve år, går på kino, kafé, deiter menn og er fornøgd med det.
Ein dag overhøyrer ho ein samtale mellom venninnene hennar, dei snakkar om at noko må vere gale med ho sidan ho ikkje ser ut til å bli gift. Eit liv som før verka sorglaust, blir no påtvunge, einsamt. Ikkje lenge etter giftar ho seg med Richard Turner, og flyttar ut til den avsidesliggjande farmen hans. Der blir dagane lange og varme. Richard er nede i felten heile dagen, Mary går rundt i heimen. Det er lite å ta seg til, noko som går utover den ansatte. Boyen.
Ei fantastisk, fantastisk bok! Lessing si forteljarstemme er observant, undrande, nydeleg. Denne sofistikerte og nærmast tilbakelente måten å skildre, iakta, få fram dei innerste kjenslene i handlingane deira. Eg kunne kjenne hetebølgja, føle rastløysa. Eg kjende meg innesperra, fortvila, einsam og sint. Menneske som driv kvarandre til vanvidd. Så lite som skal til før alt raknar. Men likevel blir det feil å seie det, for her er det snakk om generasjonar av mistak. Ein evig sirkel av val som påverkar nestemann. Kven har skulda? Kor skal det stoppe?
Eg vil ha meir av dette. Meir, meir.
5 kommentarer:
Dette er en av mine favorittbøker. Fornøyelig å lese din bokomtale! ;-)
Flott omtale, Lena :) Denne boka har jeg ulest i bokhylla, men har ikke vært inspirert til å ta den frem. Men fikk veldig lyst til å lese boka nå etter at du har rost den :)
Takk, begge to! Rose-Marie, jeg så din omtale på Bokelskere.no i går - fantastisk! Beatelill: Les den! Du vil ikke bli skuffet.
Ja! Dette er ei god bok - og ei verdig omtale! Eg vil også ha meir Lessing.
Jeg har hatt lyst til å lese Lessing helt siden hun vant nobelprisen, og kan ikke skjønne hvorfor jeg ennå ikke har somlet meg til det. Men nå fikk jeg enda et dytt i ryggen, og denne boken tror jeg blir førstevalget.
Legg inn en kommentar