RSS

Stille natt

Ragnar Hovland: Stille natt, 224 sider

Ein forfattar slit med å hoste opp den store sjøromanen han har lova forlaget. Skrivesperre til trass, livet skriv seg sjølv og forfattaren drøymer seg både fram og attende i tid. Han blir bedt om å reise heim til foreldra, og i heimbygda er det ikkje mangel på folk som gjerne kan tenkje seg å bli skrive inn i den nye romanen hans. Han har med andre ord nok stoff å ta av.

Eg tenkjer at dette er typisk Hovland. Hovudpersonen er ein einsam ulv, avslappa og kul. Han har draget på damene og seier ikkje nei takk til alkohol. Nerven i historia er det som ein gong hende bror hans, men det er alt det usagte og ugjorte rundt dette som er interessant. Korleis dei forsøker å nærme seg dette vanskelege temaet ved lausprat, ver og vind. Sidan dei er fem brør blir dei nummerert, og vi får aldri vite namna deira.

Bror min sat stille i ein god stol og såg på tv, mor mi svinsa stille rundt med litt bustete hår, og Nummer tre klappa ein mørk hund eg aldri hadde sett før, og nikka til meg i det eg steig inn i stova. Dei to yngste brørne mine var ingen stad å sjå, noko eg heller ikkje hadde venta. - Kva er det for ein hund? spurde eg Nummer tre. - Det er no ein. Han bur her. Han er nærmast blitt familiemedlem. Eg såg litt på denne hunden som så tydeleg hadde overtatt min plass i huset, og han såg lett hoverande tilbake på meg. - Heiter han noko? spurde eg. - Nei, sa Nummer tre. - ikkje det eg veit.

Hovudpersonen køyrer frå Oslo til Vestlandet og tilbake att, møter fleire interessante personar som bidreg til å halde ei jamn forteljing. Tradisjonen tru skriver han seg sjølv inn i forteljinga, jf: Thomas har ikkje mange bøker i hylla, men eg ser at han, i tillegg til det meste av Mykle, har ein roman av Ragnar Hovland, ein annan forfattar her frå distriktet. Hovland sin særeigne humor er fullt til stades. Det alvorlege temaet i botnen blir dekt over av humor, ofte forkledd som vitsar. Dialogane er utruleg vittige, og han har hysterisk morosame anekdotar og observasjonar. Det fungerer.

Folk spør meg kva eg skal med alle desse pengane, og eg svarer som sant er, at eg skal bruke dei til å rutte med.

Ei god bok. Takk til Samlaget.

2 kommentarer:

Karen sa...

Dette er en bok jeg virkelig ser fram til å lese - og ikke mindre av denne omtalen her:) Er nok rett og slett litt Hovland-fan. Jeg innrømmer det.

annkolaas sa...

Fullt forståeleg.