RSS

18/52 "Blå amazon"



Er vi i veke 19 alt? Her har eg lyst til å skrive eit heilt avsnitt om kor tida flyg, at det snart er 17. mai, at huset må målast og at det er like før eg får omkring 200 eksamenar som skal sensurerast. Men eg skal la vere. Eg er ei veke på etterskudd, og kjem susande med novelle nummer 18 i novelleutfordringa. Denne gongen tek eg Gro Dahle si novelle "Blå amazon", og ja, ho står i læreboka til elevane mine (ser dykk eit mønster her?)

Gro Dahle: "Blå amazon"

Hovudpersonen i novella er ein mann med ein bil. Ein blå volvo amazon. Det vil vere ei kraftig underdriving å seie at denne mannen er glad i bilen sin. For han er kanskje bilen det viktigaste i livet. Det kjæraste han har. For han er bilen ei ho med bua munn, hofter, mage, rygg og ein bakende. Ei han kan kjæle med. Han tek ho med ut på tur, og plukkar opp tre haikarar. Tre unge jenter. To i baksetet, ei framme. Han blir merksam på kor dei sit. Ho og han. Han ser på ho, dei tronge kleda. Ho luktar tyggis. Det blir med eitt vanskelegare å puste. Han opnar vindauget. Kjenner sveitten piple. Når han løftar handa for å ta drops i hanskerommet, streifar han låret hennar. Jentene i baksetet ler. Ler dei av han? Han blir irritert. Vil vise dei. Når mannen går ut av bilen for å tisse, høyrer han den velkjende bilmotoren. Han blir kald. Snur seg og ser bilen forsvinne bortover vegen. Jentene stikk av med bilen. Han spring etter, men må sjå seg tapt. Han kastar seg ned i graset, ensar ikkje noko anna. Det blir mørkt ute før brusinga i hovudet hans tek slutt.

Eg synest dette er ei god novelle. Ho skildrar forholdet mellom ein mann og bilen hans. Hendingane er synlege, men det er likevel mykje usagt mellom linjene. Vi skjøner at mannen er ein enkel, beskjeden person og at bilen gir han sjølvtillit. Utan bilen er han ingenting. Når jentene sit i bilen, blir augneblinken utvida med korte, nesten fomlande setningar. Det stakkato språket synleggjer mannen sin nervøsitet. Når jentene stel bilen, senkar tempoet seg og mannen kan få attende fatninga.

Novella har ei kompakt handling, og mykje indre handling. Eg er fornøgd, og elevane pla vere det.

Anbefalast!

0 kommentarer: