RSS

Lysnatt


Alice Hoffmann: Lysnatt, 205 sider

No har eg også lest ho! Etter å ha lese bloggar etter bloggar skamrose denne forfattaren, måtte eg berre finne ut kva som var så spesielt. Eg gugla litt her, litt der, måtte finne ut kven av dei mange bøkene det høva seg best å starte med. Valet blei Hvite hester og Lysnatt. Sjølv om Hvite hester var debuten, starta eg med Lysnatt (omfanget sigra). Og ja, eg blei sjølvsagt fortapt.

Handlinga i Lysnatt går føre seg på øya Martha`s Vineyard i New England. Ekteparet Vonny og André og den fem år gamle sonen deira bur rett ved siden av Elizabeth Renny, ei gammal dame som trudde ho kunne flyge. Ho flagra ut av vindauget og endar opp med eit brekt kragebein og ein brekt fot. Det blir bestemt at Jody, Elizabeth sitt seksten år gamle barnebarn, skal bu hos henne ei periode. Jody blir forelska i André, og gjer sitt ytterste for at han skal oppdage ho. Vonny er klar over det, men har meir enn nok med å overvinne panikkangsten ho har utvikla. Lenger nede i nabolaget bur ein dyrekjær kjempe, redd for å vise seg blant folk.

Eg likte boka kjempegodt! Hoffmann skildrar forholdet mellom André og Vonny, Jody og kjempen, Simon og Samantha på ein fortryllande måte. Det er så fint å lese korleis ho får fram kva som skjer med Elizabeth - eg trudde først det var noko overnaturleg, men forfattaren har rett og slett magiske fingre. Ho får relasjonar mellom menneske til å bli eventyrleg. Eg er fullstendig smitten, og absolutt klar for meir.

God bok!

6 kommentarer:

Janke sa...

Så bra!! Du har mye å glede deg til!!!

knirk sa...

Det blir spennende å følge med!

Stine Marie sa...

Åh, jg blir alltid så glad når noen leser - og liker - Alice Hoffmann :)

Sesselja sa...

Det beste med å oppdage Hoffman, er at du har så mange bra bøker i vente!

Ingalill. sa...

Jeg blir også glad når noen leser Hoffman. Gleder meg til å lese denne.

Lena sa...

Og jeg gleder meg enda mer til neste Hoffmann-bok!