Luremus
Lagt inn av
annkolaas
on torsdag 19. mai 2011
Elin Rise: Luremus, 264 sider
Luremus er debutboka til 26 år gamle Elin Rise. Boka tek for seg Siw Anette, kalt Siwa, ei vimsete gladjente som har bestemt seg for å finne draumemannen før ho fyller 26. Det er få månader til, så ho må kjappe seg. Dermed begynner ein intens jakt, fylt av dating og one-night-stands (det vil seie, med trusa på. Ho er trass alt ei luremus). Siwa greier som oftast å finne manglar ved gutane ho deitar, anten er dei for lave, eller så kyssar dei feil. Det er altså ikkje enkelt å finne den rette, og ho vekslar stadig mellom fullkommen lukke og ønsket om å sperre seg inne på livstid. Sistnemnde kjem påfallande ofte søndagsmorgon. Eller laurdag, om ho er ekstra sosial.
Eg vil seie at boka er akkurat det ho gir seg ut for å vere. Rise puttar seg sjølv i kategorien chick lit, altså underhaldande litteratur for og om unge jenter (er det ikkje noko i den dur?). Siwa greier på merkeleg vis å havne i underlege og pinlege situasjonar, ikkje ulikt Bridget Jones og jentene frå Sex og singelliv - og eg humra meg gjennom boka. Skratta til tider. Det var grei og morosam underhaldning. Eg blei nyfiken på kor grensa mellom fakta og fiksjon går. Forfattaren verkar nemleg svært lik hovudpersonen. Er Elin Rise ei luremus? Ikkje at det spelar noko rolle, men det er jo lov til å vere nysgjerrig.
Eg trur boka er midt i blinken for jenter som likar ei morosam historie, som sjølv har deita, dei som er godt gifte og dei som likar å lese om andre jenter (ser de korleis eg fint unngjekk å gå i "denne boka passar for dei mellom 20 og 30 år-fella?") Likar du Bridget Jones, Maryan Keyes, Sex og singelliv, så likar du heilt sikkert Luremus. Det gjorde eg. Og eg er verken 20 år eller singel. Slutten hadde eg derimot greidd meg fint utan. Det blei litt for banalt. Det må vel vere fordi eg nærmar meg 31 det da?
Luremus er denne vekas bok i Bokbloggturneen. I går blogga Gina, i dag er det eg, og i morgon fortsetter Fredrikke. Trykk deg inn på linkane dersom du vil lese kva dei synest om boka. Forfattaren har også ein blogg, og her kan du lese boka si reise frå tanke til produkt. Det som kanskje er mest spennande, er den offentlege "krangelen" til litteraturkritikar Cathrine Krøger og Cappelen Damm-forleggar Anders Heger. Ei mykje omdiskutert bok, dette her.
Fornøyeleg lesing, både boka og debatten. Men eg anbefalar å lese boka først. Så kan du sjølv avgjere om det til dømes er mjukporno, eller puppar på omslaget.
1 kommentarer:
Jeg har rukket å bli 3 år eldre enn deg, og jeg slet litt med boka ;) He he...
Men så må det sies at det er veldig lite jeg kan identifisere meg med, eller kjenne meg igjen i, med unntak av Siwas hjemby Tønsberg...
Legg inn en kommentar