RSS

21/52 "Eg står her og skal slå opp med ei jente"



Eg tenkjer slik at denne utfordringa ikkje berre er for å få meg til å lese fleire noveller, men også for å få dykk til å lese fleire noveller - og da er det lov til å tipse om noveller (sjølv om dei er lesne for leenge sidan). Dette er altså ikkje ei nyoppdaga novelle, men ei eg har lese om og om att. Eg hugsar at vi las ho på skulen, og fekk ein medelev til å lese ho høgt i pausa etterpå. Denne medeleven har ei mjuk, behageleg stemme og blei difor ofte bedt om å lese høgt frå boka (ja, Sunniva, eg snakkar om deg).

Rune Belsvik: "Eg står her og skal slå opp med ei jente"

Det er ei kort novelle. Det er ein gut, Svein, som står og ventar på jenta si, Lise. Han har tenkt å slå opp med ho, har gått lei. Tankane vandrar, og vi får høyre om tida dei har hatt saman. Alt ved Lise irriterar han. Måten ho går på, dei trange buksene hennar, at ho kyssa så hardt den første gongen. Ho er som ei kjetting kring foten hans. Han hugsar kor nervøs han var saman med henne, kor lyst han hadde til å halde ho inntil seg. Desse episodane får han etterkvart til å mjukne opp, og når han ser ho kome gåande mot ho blir han med eitt usikker. Ho ser så forsvarslaus ut. Skal han verkeleg slå opp med henne? Ho som er mjuk som softis og som framleis har merker etter at faren slo ho. Han kjenner ho så godt, veit kva ho har i lommene og kva ho kjem til å seie. Han kjenner seg merkeleg. Redd.

Når ho nærmar seg, ser han at ho ser kald ut. Fjern. Nye øyredobbar har ho også. Han får ei ekkel kjensle. Med eitt snur situasjonen om og Lise slår opp med Svein. Seier at han må ha skjønt det. At dei to ikkje kom til å vare. Attende står Svein og kjenner seg kald. Aleine.

Eg synest denne novella er utruleg bra. Språket er enkelt, munnleg og treffande. Handlinga er kort og kompakt. Dei små hinta avslørar Svein, som går frå å vere sjølvsikker til usikker på veldig kort tid. Det er svært lett å skjøne temaet. Det er ein kunst å seie mykje på kort tid, og det greier Belsvik finfint. Han tek i bruk fleire verkemiddel, lar klede og miljø spele stor rolle. Han skildrer eit velkjent scenario, og får nok kvar og ein av lesarane til å kjenne seg att. Sjølvopplevd eller ei, så har ein nok i alle fall følt på kjenslene. Ein eller annan gong.

Ei god novelle. Anbefalast. Skikkeleg. Hardt.

3 kommentarer:

Heksa sa...

Å, som jeg kjenner igjen situasjonen. 17 år og klar for å slå opp ... og så kommer dusten deg på forskudd og du ender opp såret... Den kjærligheten, den kjærligheten. Det skal ikke være lett!

Stine Marie sa...

Oi, flashback til ungdomsskolen! Tror vi hadde Rune Belsvik-uke eller noe sånt i norsktimen og da leste vi naturligvis denne novellen.

Bai sa...

Åh, denne las eg med ein skuleklasse i haust. Ho er kjempefin!

Så flott at du henger med. Eg datt litt av lasset i rettekjøret, men heldigvis skal eg få henta meg inn igjen i ferien.