RSS

20/52 "Novelle"



Da er vi inne i veke 20, og denne gongen har eg valt ei novelle av sjølvaste Dag Solstad. Kvifor han er sjølvaste, treng ikkje diskuterast. Eg har faktisk enno til gode å lese ein roman av han. Men det kjem. Det kjem. Alt til si tid.

Dag Solstad: "Novelle"

Ein namnlaus mann tek kveldsstellet før han legg seg. Neste dag er han død. Han blir vaska og gravlagd. Leilegheita blir vaska og klargjort. Ein ny mann flyttar inn.

Det er ei svært kort novelle. Så kort at eg blei frista til å skrive ho her, men eg valde å la vere. De skal trass alt få lyst til å lese ho sjølv, leite etter ho, kanskje ta ein tur til biblioteket og plukke med fleire bøker. Solstad er kjend for å ikkje ville gi kaffikjelen venger. Han vil seie det som det er og slutte å pakke inn i fløyel og silke. I denne novella gjer han nettopp det. Den korte, presise omtalen blir eit kraftig verkemiddel i seg sjølv. Eit kort minneord om noko som var. Han skildrar ikkje tankar eller kjensler, men held seg til handlingar, gjeremål. Det blir så kaldt og upersonleg at det kallar fram kanskje enda sterkare kjensler enn om det hadde blitt sukra. Medkjensla vår blir trigga. I slike situasjonar er fine ord det einaste vi kan. Det nærmaste, trygge. Vi vil seie det og vi vil høyre det. Det gir trøyst.

Mannen er namnlaus, drikk kaffi, skyller ut kaffien, vaskar koppen, slukker lyset, legg seg, vaknar ikkje neste morgon. Leilegheita blir vaska og rydda. Alle spor blir sletta. Han er gjort om til ord i ein protokoll. Ein ny mann flyttar inn, drikk kaffi, skyller ut kaffien, vaskar koppen, slukker lyset.

Novella har heller ikkje namn, noko som uttrykkjer det nakne, enkle. Vi har ikkje noko namn å knytte oss til, ingen å bli kjend med. Alt er forgjengeleg. Denne historia opnar for eksistensiell tenking. Kva er vi i alt dette? Mennesket sine handlingar, mekaniske rutiner og sterile omgjevnader. Dag etter dag skjer det same. Ein dag er det slutt, ein annan tek over. Eg tenkjer også på at Solstad forsøker å få fram det kjenslemessige i dei likegyldige skildringane. At ein kan oppnå det same utan å rosemale. Brutalt, men ærleg.

Novella er teken frå samlinga Svingstol, 1967. Eg synest ho er knallgod. Ho gir meg assosiasjonar til Kristopher Scahu sin essayistiske På vegne av venner og Bernt Jakob Oksnes sin artikkel Den usynlige.

Alle tre anbefalast sjølvsagt på det varmaste.

1 kommentarer:

Julie sa...

Hei! En spennende og nyttig blogg du har - her har jeg fått mange gode lesetips og kommer garantert innom igjen! Hilsen en annen norsklærer i VGS :-)