RSS

19/52 "Blendet"



Eg tek ein lynkjapp nr. 19 i novelleutfordringa .

Novelle nummer 19 er skrive av Nina Lillelien. Ho kjem frå Rjukan og er like gammal som meg. Ho skreiv "Blendet" til Gyldendal si novellekonkurranse for ungdom i 1997. Da var ho 17 år gammal. Akk, folk er jo så flinke. "Blendet" finn de på trykk i antologien Dugg, 36 noveller for ungdom, gitt ut same år.

Nina Lillelien: "Blendet"

Handlinga tek til med ei skildring av miljøet. Vi skjønar at dei er på ein slags institusjon. Det er sterilt, kvitt og andre menneske. Det skjerer i augene til Idun, det er nett som ho blir blenda. Så begynner tankane hennar å vandre. Ho tenkjer attende til varme sommardagar på Sørlandet. Ho er femten år og omringa av svaberg, is og bikini. Den første kjærleiken kjem snikande. Thomas. Dei er saman kvar dag og ho blir så forelska at ho ikkje veit kva fot ho skal stå på. Sjølv verkar han ikkje interessert i noko meir enn vennskap. Ein dag får ho vite kvifor.

Novella hoppar fram i tid og ho er heime i Oslo. Ho og venninna ruslar rundt i gata ein fredagskveld da ho møtar att Thomas. Ein gjeng med fulle gutar kjem gåande bak dei. Det skjer fort. Slag og spark, og Thomas som ligg i ein blodpøl. Vi er attende i notida. Institusjonen. Ho og venninna skal besøke Thomas. Idun kjenner sola svi i augene, men denne gongen blir ho ikkje blenda.

Eg likar best begynninga og slutten på novella, der synest eg språket utpregar seg. Stemninga er meir lada, og skildringane er kjenslevare. Resten blir litt for enkelt. Det går mest i dialog. Dei fine skildringane kjem likevel til syne, og ho avsluttar kvart avsnitt med treffande, gode ord.

Jeg gikk ikke hjem, jeg svevde.

Når eg veit at ho berre var 17 år da ho skreiv det, let eg meg likevel imponere. Novella er skrive for og av ungdom, og ho held på spenninga heilt til siste slutt. Temaet er alvorleg og kontrastane er synlege. Det er utan tvil ei god novelle.

Anbefalast.

2 kommentarer:

charlotte iversen sa...

dette hjalp meg en del, skal nemlig ha fremføring om dette imorgen men finner ikke novellen på nettet!! sliter..

annkolaas sa...

Alltid kjekt å hjelpe. Lykke til:)