RSS

Hvite hester


Alice Hoffman: Hvite hester, 255 sider

Alle Hoffman-fans der ute: Ja, eg er heilt forelska. Trollbunden. Frelst. At det går an å skrive så bra.

Det er magisk lesing. Eg veit ikkje eingong kor eg skal begynne når eg skal fortelje kva boka handlar om. Ho handlar om alt. Men eg greier ikkje å komprimere det ned til eit lite samandrag. Det er liksom ikkje noko spesielt som skjer. Likevel skjer det så mykje.

Det er minstesøstera Theresa og storebroren Silver. Mora Dina. Faren King Connor, som dreg sin kos. Broren Reuben følgjer etter. Det er varme dagar, støv som virvlar. Begjær, kjensler, løyndommar. Fleire varme dagar. Mytiske menn på kvite hestar, kvardagen ein må gjennom. Lange netter. Kvinner som ventar. Val som må takas.

Janei, de andre lyt berre lese det sjølv. Det er fantastisk. Tru meg. Hjartet mitt sitrar lykkeleg over tanken på alle ulesne Hoffan-bøkene som ventar meg.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg liker også historiene til Hoffman, men merker jeg sliter mer og mer med språket hennes. Det blir litt for svulstig og symboltungt på en måte. Har du reagert på det?
Jeg har omtalt hvite hester her:

http://knirk.wordpress.com/2009/07/27/white-horses/

annkolaas sa...

Fin omtale! Jeg følte jeg ikke kunne si noe uten å avsløre handlingen.

Jeg skjønner akkurat hva du mener med språket, men for meg gjorde det leseropplevelsen enda bedre. Det svulstige språket gjorde det så mye mer magisk og forsterket.

Til vanlig er jeg ikke fan av svulstig språk (jf little Bee ol), men i denne boken var det som om det måtte være slik. Boken fylte på en måte opp alle sansene. Men ja, det var blomster overalt. Skulle ønske jeg alltid duftet av roser;)

Anonym sa...

Steike mi tid!

Dette var ei av favorittbøkene mine då eg var mellom 12 og 14. Eg har lese ho sikkert fire-fem gongar, og har vurdert å lese ho i (tilsynelatande) vaksen alder, men er rett og slett redd for at eg ikkje skal like ho så godt, og på ein måte øydeleggje ei leseoppleving frå pretenåra.

'Hvite hester' var uansett på topp saman med 'Hold kjeft og vær deilig' av Vita Andersen og Jon Michelet: 'Den flygende brasilianer'.

Eg ser eg var i overkant oppteken av bøker som handla om hekking og meir groteske saker som incest og valdtekt. Men eg har jo klart meg ganske bra likevel.

Ingvild

annkolaas sa...

Haha! Det har du. Kvifor var det ingen som gav meg slike bøker da eg var på den alderen, i staden for dei uendelege Tl-, Starlet- og Pennyklubben-bøkene? Eg hadde vel ikkje likt dei uansett, så får eg heller ta dei igjen no. Eg synest i alle fall boka var fantastisk!

aariho sa...

Oppdaget bloggen din i dag, og leser omtale av bøker du har lest. Får så lyst til å lese mange av dem! Takk for gode tips. Biblioteket neste!

annkolaas sa...

Det var hyggeleg å høyre. Tusen takk!