RSS

11/52 Voldtatt



Det blei med tanken i går kveld, men eg gjorde da noko anna eg har hatt til gode; endeleg å sjå Scarface. Eg veit eigentleg ikkje kvifor eg ikkje har sett han før. Men slik er det no eingong, noko har ein sett og lest, og anna ikkje. Kjekt å ha mykje godt i vente i alle fall. Elevane har hatt særemneframsyning, noko som har gitt meg eit spark bak når det gjeld å sjå gamle klassikarar (på mi tid var det kun lov til å ha om bøker, og dei skulle vere norske. No er det lov å ha framsyning om si eiga svigermor, om ein det vil). Nuvel, novelleutfordringa held fram.

Jan Kjærstad: "Voldtatt"

Dette var andreplassen i antologien Noveller i Samtiden frå 1981 (det trena auget har kanskje fått med seg at eg skreiv Samlaget i stadenfor Samtiden i innlegget i går? Av og til skjønar eg ikkje kva som går av auga mine. Dei les det dei vil, trur eg). Eg skjønar godt at ho vann. Kjærstad skriv unekteleg godt, blandar dialog, tanke og handling i ein finfin kontekst. Det som er litt rart, er at Kjærstad sjølv seier at novella aldri før har vore på trykk i ei bok. (Ja, eg gugla denne gongen.) Er han ikkje klar over at hans eiga novella blei trykt i denne antologien? Det kan vel ikkje stemme. Eg trur han må ha gløymt det. Han er tilgitt.

Handlinga i "Voldtatt" går føre seg i Oslo. Fleire kvinner er funne voldtatt og drepne, alle med dei same kjennemerka, deriblant eit leppestiftmerke på halsen (og ein del andre grove ting eg ikkje tør skrive). Handlinga sin hovudperson, eg-personen i forteljinga, gir lesaren innsikt i mykje - noko som gjer at vi tidleg skjønar kor det ber hen. I alle fall gjorde eg det. Av og til er eg tidleg ute med framsynet mitt, men like ofte er eg pinleg naiv og har ikkje peiling, enda forteljaren dinglar fasiten rett oppi andletet mitt. Men eg skal ikkje klage. Det er vel slikt som gjer lesing kjekt.

Vi får mellom anna vite at han har sove dårleg den siste tida, har marerittaktige draumar og gløymer ofte kva han har gjort. Han bur saman med dei to kompisane sine, Jonathan og Joe, og alle tre har ei nesten sær interesse av desse seksualmorda. Dei samtalar stadig om morda, og kan ikkje einast om dei. Joe meinar at kvinnene kan takke seg sjølve:

For det første visste vi at alle kvinner lå og drømte om å bli voldtatt om natten. Var det kanskje ikke sånn? Han bare spurte. For det andre kunne selvsagt ingen kvinne bli voldtatt mot sin vilje. Det var bare å stikke av, ikke sant?

Jonathan verkar å ha samvit, og meiner at perverse griseri er symptom på noko meir underliggjande. Noko langt meir skremmande. Eg-personen er av den oppfatninga at mordaren er ei rotte. Tre personar. Kven har rett?

Eg vil ikkje seie meir. Dette er ei novelle ein ikkje kan røpe for mykje av, da øydelegg ein lesaropplevinga. Dessutan kan ho vere open for fleire tolkingar. Eg likte ho svært godt.

Anbefalast!

1 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg hadde egentlig plassert Jan Kjærstad på listen over forfattere jeg aldri har tenkt å lese. Nå ble jeg litt i tvil. Slike noveller er så SPENNENDE.