RSS

Søkeord: ayotzintli, Vekevis


Marit Kaldhol: Søkeord: ayotzintli, 134 sider

Eg gråt da eg las denne boka. Det er ei forferdeleg, forferdeleg trist bok. Og det meinar eg i aller beste meining. Forferdeleg. Eg les ofte bøker som skjer inni hjartet, hamrar innover brystet, lagar klump i halsen. Men sjeldan gret eg.

OBS! Dersom du ikkje ønsker å vite noko som helst om denne boka, bør du ikkje lese meir.

Kven var du? Korleis - kva - kor - kvifor måtte du...? Eit ras av tunge spørsmål riv meg over ende. Eg maktar ikkje stanse det, det har ikkje kraft til å løfte armane. Tomme, kraftlause hender.

For meg har Marit Kaldhol alltid vore kjend som forfattaren av Farvel, Rune - den frykteleg triste biletboka læraren min las for oss ferske førsteklassingar. Ei bok eg som barneskule-elev lånte om og om att, tok med heim og lot tårene strøyme fritt. Bileta og teksten er framleis hogd inn i meg, og eg har ikkje greidd å lese ho sidan. No har ho gjort det igjen. Latt orda gripe tak i meg, og ryste meg langt inni sjela.

Eg har lese fleire rystande tekstar av Kaldhol, det er ikkje det. Ho skriv om ein fælsleg far som gløymer guten i kofferten, attende ligg skjelettet. Ei jente med kjærleikssorg, som klipper halsen av kanarifuglen sin. Dette er annleis. Her er ein nøydd å lytte. Dette er ekte. For mange. Dessverre.

Aldri meir få sende godnatt-sms til deg. (Og få smilefjes til svar.)

Første delen i boka er dagboknotatar frå Mikke; son, avgangsruss, elev, venn, kjærast og støttekontakt. Han sit oppe om nettene og skriv på datamaskina si. Søkjer etter skjelpadder og biologi. Skriv om tankar, skuleting, kjærleik. Lurer på om han er i stand til å elske.

Andre del er frå mamma. Korleis ho hugsar Mikke, episodar gjennom barndommen, ungdommen, dei siste vekene. Fortvilinga, lengten, botnlaus sorg. Guten hennar. Kunne ho ha gjort noko annleis, endra det.

Klikket i låsen den kvelden vi kom heim. Opna døra, steig inn, kjente den unaturlege stilla i gangen. Lufta tett av størkna stille. Med ein gong forsto eg. Stilla fortalte meg det eg ikkje enno kunne vite. Som om det eg snart skulle få vite kom meg til møtes.

Tredje del er minner frå far, stefar, kjærasten og vennene. Brev, lister, blomar.

Og kjærleiken? Eit underleg frø. Heretter lyt eg sykle utan deg. I motbakkane kjem eg til å lytte etter pusten din. Og kanskje snakke til deg.

Med Søkeord: ayotzintli har Marit Kaldhol blitt nominert til kulturdepartementets litteraturpris. Eg trur ho vinn.

Eg anbefaler boka på det varmaste.



Sidan sist (altså i går) har eg også lest denne lille flisa av ei bok:

Selma Lønning Aarø: Vekevis, 80 sider

Høh? Selma Lønning Aarø som skriv på nynorsk? Kva skjer? Ikkje veit eg, men eg liker det. Selma er like vittig som alltid, og gjett om ho kler ei nynorsk språkdrakt!

Vekevis handlar om ei jente som har satt seg føre å skrive ein erotisk roman. Men først; sommarferie til Danmark. Medan danskebåten skvulpar under henne oppdagar ho at ho er gravid. Og så har vi det gåande.

I gravide-blada les eg om folk som blir frykteleg kreative av å vera gravide. Dei er "svangre i dobbel forstand" står det ofte. Etter å ha sett barnet sitt på ultralyd finn dei fram heilt nye måtar å mala, skriva eller laga film på. Kvifor hende ikkje dette meg då eg var på ultralyd?

---

Utanfor møter eg dama som bur rett over gangen for meg. Ho er rasande fordi ho har bestilt to handverkarar som ikkje har dukka opp. Ho har ein liten hund som alltid prøver å lukta folk i skrittet. - Ein kan ikkje stole på folk no til dags, seier ho. Hunden hennar prøver å slikka meg i skrittet. - Nei, det kan ein ikkje, seier eg.

Vekevis er med i Lett å lese-serien, bøker som er meint overkommelege for dei som les lite, og som går unna i ein fei for dei som les mykje.

Eg er framleis rysta over Kaldhol (som eg las etter denne - heldigvis, ein treng ei lang pause før neste bok etter slikt), og skriv derfor ikkje meir om denne boka no. Men artig - det er ho absolutt!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hver gang jeg skulle lese "Farvel, Rune" da jeg var liten, bestemte jeg meg på forhånd for at jeg ikke skulle gråte. Men jeg klarte å aldri å la være.

Godt tips, denne skal jeg lese.

Ingaplinga sa...

åååh! har kjempelyst til å lese den kaldhol-boka, men ve kje om e våga... har nok et ganske så lignende forhold til marit k som du har, farvel rune e fantastisk men godt gjemt i en komodeskuff fordi den e så trist...

ser også at du les natacha k-boka, e d bloggturne på g? e hadde kjempelyst til å lese den, men ha no fått ei rim-bok som debut, spennande siden e absolutt ikke e nåkke dikt-dame!

annkolaas sa...

Eg synest absolutt du skal lese ho. Det er vondt, men gjer godt (om ein kan seie det slik). Natascha-boka har eg lånt på skulebiblioteket.

Beatelill sa...

Hei Lena :) Jeg har sendt deg en liten oppmerksomhet: http://beatelill.blogspot.com/2011/03/alle-de-flotte-bloggene.html

Askeladden sa...

Du har fått en sweet-blog award hos meg og du kan lese mer om det på bloggen min:)