RSS

9/52 og 10/52



No begynner å bli skikkeleg sein med novelleutfordringa, så eg tek to i slengen, og håpar på to til før kvelden er omme. Slik at eg kan bli a`jour igjen. Eg har lånt ein gammal antologi, Noveller i samtiden, som kom ut i anledning ei novellekonkurranse i 1980. Da feira tidsskriftet Samtiden 90-årsjubileum, og fekk inn heile 270 bidrag. Dei tre beste vann, men bidraga var så gode at Samtiden kjøpte inn fire til, og bestemde seg like godt for å gi ut 23 stykker - som altså er denne boka. Her er både kjende og (for meg i alle fall) ukjende namn, og det er morosamt å tenkje på at kan hende nokre av desse kjende hadde debuten sin med denne boka. Det kunne eg nok ha funne ut med eit par - tre tastetrykk, men eg vel å la det vere.

Eg minner om at eg røper veldig mykje av novellene, så av de som ikkje vil vite handlinga er det er ikkje lurt å lese meir.

9/52 "Frisøren" av Rune Belsvik
Denne novella er litt over fire sider lang, og vi kjem rett inn i handlinga på ein skokk elleveåringar. Heile guteflokken som konfronterar Adele. Ifølgje Sigurd har ho kledd seg naken for han. Ho blånektar sjølvsagt. Veit med seg sjølv at det ikkje er sant. Alltid skal Sigurd finne på noko fælt. Dei ler og spør om ho har to vorter bak. Ho spring gråtande derifrå og veit at ho ikkje kan søkje trøst heime. Dette må ho ordne opp i sjølv.

Hemnen kjem snarare enn ho anar. Sigurd kjem gåande. Han har fått pengar til å klippe håret hos frisør, men har meir lyst til å kjøpe tyggis. Han er glad i krøllane sine, men foreldra tvingar han til i alle høve å stusse dei. Adele overtalar han til å kjøpe det han vil. Ho kan klippe håret hans. Dei avtalar å møtast i skogen. Da kjem han på løgna si. Det han fortalde om Adele. Han skubbar tanken lengst bak og let ho klippe i veg. Så spør ho kvifor han fortalde det om ho. Han blir kald innvendig. Adele seier plutseleg at ho må heim og ete middag. Så er ho vekk. Da merkar han håret som ligg på bakken. Store klompar, heile krøller.

Eg synest det var ei morosam novelle. Belsvik er kjend for å skrive romantisk og humoristisk om kjærleik. Eg tenkjer på ungdomsromanen Verdas mest forelska par, og "Eg står her og skal slå opp med ei jente" ei av yndlingsnovellene mine. Eg blir aldri lei av ho. "Frisøren" framstår litt enklare, men etter å ha lese ho nokre gongar synest eg ho berre blir djupare og betre. Det er mykje indre handling, og vi skjønar kvifor både Adele og Sigurd handlar som dei gjer.

Ei frisk og herleg novelle!

10/52 "Det mjukaste mjuke" av Sigbjørn Heie
Sigbjørn Heie er ukjend for meg, men etter å ha gugla kan eg slå fast at han har gitt ut fleire romanar, noveller og barnebøker. Så veit eg det.

"Det mjukaste mjuke" handlar om Jon og Odd, to barndomskameratar, som i barne- og ungdomsåra stadig rivaliserte om ei jente som heiter Marit. Ettersom Odd flytta vekk frå bygda, var det Jon som til slutt fekk Marit og dei har no vore gift i femten år. Sommar etter sommar kjem Odd attende og besøker Jon. Han tek med seg direktør Smith og dei drikk til langt på natt, men Jon veit nok at Odd freistar å få klørne i Marit.

Ettersom kvelden lir, blir Jon stadig meir oppsett på at Odd har baktankar med dei årlege besøka, men ikkje søren om han skal få Marit. Han kjenner ho som det mjukaste mjuke, men ho kan også vere hard. Men kjenner han henne verkeleg? Sjalusien begynner å slå rot i Jon. Hadde ho valt Jon dersom Odd ikkje hadde dratt? Så får Jon telefon og må fare i dokterskyss. Han tek med Odd og direktør Smith, og får dei ombord i båten. Det er ein kort tur, og Jon drøymer seg vekk i Marit, barndommen, kor godt dei har det. Likevel ligg Odd der som ei murring i magen. Han set opp farta og slutten ser fatal ut.

Denne novella likte eg svært godt. Heie er flink til å skildre den indre handlinga, og sjalusien er forgjort. Jon føler seg truga av dei staselege karane i dress. Han vann, men tevlinga pågår framleis. Eller gjer ho det? Kor langt kan ei rivalisering gå? Vil fortida alltid følgje oss? Eit evigvarande spørsmål.

Anbefalast!

0 kommentarer: