RSS

Revolutionary Road


Richard Yates: Revolutioary Road, 336 sider

Vi er i USA, midt på 50-talet: Frank og April Wheeler bur i Revolutioary Road, ein idyllisk bydel i New York. Dei lever eit typisk forstadliv, med dei bligatoriske to borna, eit passeleg lite hus og ein liten hageflekk. Han drøymer om å bli forfattar, ho vil bli skodespelar. Ein stad på vegen har Frank bytta ut skrivinga med pendling til og frå arbeidet i eit kontormaskinfirma, og April nyttar dagane til husvask, bornepass og anna ærend. Begge vil vere intellektuelle, moderne menneske, men ser ut til vere fanga i eit småbogarleg liv. Ettermiddagscoctailen i stova ser ut til å vere dagens høgdepunkt. Når April foreslår at dei skal selje huset og flytte til Paris, får begge ein ny glød.

Eg er eigentleg litt sjokkert her eg sit. Det vil seie, eg har vore lettare sjokkert heile veka. For denne boka har gått veldig treigt. Eg valde å lese ho no, nettopp fordi eg visste ho ville gå av seg sjølv. Så feil kan ein altså ta. Eg skjønar ikkje heilt kva som har gått gale, eg elska jo Påskeparaden så inderleg mykje. Eg har lese forskjellige omtalar av boka, og jau då, fleire har skrive at dei synest ho var litt kjedeleg, men eg var i grunnen så høg på pæra at eg tenkte dei tok feil. Denne boka visste eg var kjekk.

Og ho var kjekk. Men ikkje heile tida. Det gjekk i rykk og napp, og til slutt måtte eg ty til hurtiglesing for å komme over dei mest keisamme partia. Elles hadde eg aldri blitt ferdig. Det kan vere fordi eg har sett filmatiseringa, som eg forøvrig likar svært godt. Kanskje er eg så farga av filmen at eg ikkje kom meg forbi? For Frank og April var Leonardo og Kate. Det var dei eg såg for meg heile tida.

Språket aleine er uansett verd lesinga. Yates skriv sjølvsagt fantastisk. Stilsikkert, sofistikert og treffande. Personskildringane er fenomenale. Det er som eg kan sjå han for meg, tilbakelent og kokett der han sit med skrivemaskina (som eg har bestemt at han har), leikar med orda og prøver seg fram. Forkastar, prøvar på nytt. Humrar for seg sjølv.

Og i sengen, uten å si et ord, elsket de på en fornuftig, rolig, moden måte. Det siste han sa før han sovnet, var: "Hør her. Det kommer til å gå bra med oss."

Revolutionary Road var debutromanen til Yates, og boka blei utvald som finalist til National Book Award i 1961. Som fleire av dei andre bøkene hans, er det ein klassikar. Eg synest ho hadde litt for mange langdryge parti, og eg kom ikkje fram til "eg greier ikkje å leggje ho frå meg-delen" før det var knappe 100 sider igjen. Og litt hist og pist mellom dei keisamme partia. Når det er sagt, var dei gode partia, svært gode.

Eg blei likevel skuffa.

5 kommentarer:

christinebonnegolt sa...

Jeg har bare sett filmen, men synes til gjengjeld den var strålende. Så jeg hadde nok tenkt som deg, at denne boken kom til å gå av seg selv. Jeg liker tanken om at den er skrevet på skrivemaskin - det virker som en sånn type historie!

Ingaplinga sa...

huff, verste som finnes er å måtte "presse" seg gjennom en bok bare for å fullføre!

spørs om jeg får ta med meg erfaringen din og derfor ikke lese boka. jeg er dårlig på kjedelige bøker, da blir de liggende. som f.eks. Sofies verden, har startet på den sikkert 50 ganger, kommer til heavy-filosofien, og da blir den lagt på "vent"... måtte bare gi opp flimen også da den kom til dette. Elsker egentlig gaarder, men her må jeg bare gi tapt!!!

Rose-Marie sa...

Så synd at du opplevde boka slik. Jeg har lest alle de tre Richard Yates-bøkene som har blitt oversatt til norsk, og "Revolutionary Road" er den jeg synes var best. Jeg tror det har sammenheng med at jeg ikke syntes personene var så karikerte som i de andre bøkene hans.

Jeg syntes filmen også var bra, men boka var (som vanlig) aller best!

fjord sa...

Jeg har verken lest boka eller sett filmen, men "skulle ha gjort" begge deler. Det blir bare aldri...

Veldig fin omtale, du skriver godt om følelsen av at man skulle likt det man leser bedre enn man faktisk gjør. Jeg leser ei bok med den følelsen akkurat nå, og det ser ikke ut som den skal løsne.

Lena sa...

Ja, jeg er som sagt skuffet. Påskeparaden er en av mine absolutte favoritter, så jeg kommer nok til å lese den andre boka og håpe på forløsning;) Men den var god da. Bra, men kjedelig.

Jeg elsker Sofies verden, Ingebjørg!! Men det er nok fordi jeg leste den som fagbok, ikke som skjønnlitteratur.