RSS

Awardar på rundgang

Eg har vore så heldig å få to awardar denne veka. Ein Beautiful blogger frå Beate, og ein Sweet Blog frå Askeladden. Eg takkar og bukkar! Med ein award følgjer det oftast ei utfordring, og no skal me sjå.. Eg begynner med Beatiful Blogger



1. Ta opp nærmeste bok og slå opp på side 18, linje 4. Hva står det der?
Jeg husker veldig godt at jeg som liten jente ofte likevel ville gå ned i gården og leke. Fra Natascha Kampusch: 3096 dager

2. Hva er det siste du så på TV?

Etter å ha sett den fryktelege, verkelege og sterke filmen Hotel Rwanda, sat eg og svitsja mellom kanalane, og meiner på at NRKs Nasjonalgalleriet var det siste eg var innom i går kveld.

3. Bortsett fra datamaskinen, hva hører du nå?

Elevar i gangane, dører som smell, heisa som går opp og igjen. Det er pause.

4. Når var du sist ute og hva gjorde du da?

Eg og min fire år gamle son var ute i hagen. Han grov med gravemaskina, eg freista å sniklese i boka mi.

5. Hva har du på deg nå?

Dongeritights, blå genser og nøkkelen rundt halsen. Skulle det vere meir spesifikt?

6. Hva var den siste filmen du så?

Som tidlegare nemnt, Hotel Rwanda. Ein sterk og god film.

7. Skulle du overveie å flytte til utlandet?

Eg har alltid vore svak for England,og kunne også ha tenkt meg eit opphald i USA. Frankrike, Skottland... Men eg kunne nok ikkje ha flytta frå heimstaden min. Eg er barnsleg heimekjær.



Utfordringa går ut på å fortelje om tre søte ting som har skjedd i livet mitt, og å gi awarden vidare.

1. Dottera mi blei fødd. 2. Sonen min blei fødd. 3. Då eg blei saman med mannen min.

Søtare kan det vel ikkje bli?

Eg synest det ser ut til at dei fleste av bloggane eg les, har fått ein slik award - men eg gir i alle høve vidare til Ingaplinga, Boklesebloggen min og Ellikken, så bestemmer de sjølve om de tek utfordringa.

Takk for merksemda:)

3 kommentarer:

ellikken sa...

Slett forrige, jeg var nok innlogget med galt navn, gitt...

Men altså: YEY! TUSEN TAKK!!! :o)

Ingaplinga sa...

Tusen takk!
jeg har tatt den ;)

Bai sa...

Tusen takk! Så søt du er!

Eg har vore litt fråverande på grunn av sjukdom, så eg har ikkje fått fulgt opp denne. Men det var veldig koseleg å få ein slik!