RSS

Fortsatt savnet


Chevy Stevens: Fortsatt savnet, 315 sider

Å, som eg skulle ønske at denne boka hadde fleire sider!

Annie O`Sullivan er ein pen og vellukka eigedomsmeklar. Ho har hus, kjærast, og ein trufast golden retriever som ventar heime. Annie skal avslutte ei vising, heim og klappe hunden, og ete middag med kjærasten. Men Annie kjem aldri heim denne dagen. Da visinga er over, kjem ein hyggjeleg mann og vil ta seg ein runde rundt i huset. Det får han sjølvsagt lov til. Kva slags meklar ville ho ha vore om ho ikkje tek seg tid til potensielle kundar? Ho viser han rundt i huset, dei pratar og ler. Mannen heiter David og er veldig triveleg.

Sa eg triveleg? Eg meinte monstrøs. Eller psykopatisk tyrann, om du vil. Idet Annie skal vise han bakhagen, kastar han seg over ho og tvingar ho inn i varebilen sin. Han køyrer ho til ei hytte i fjellet, tilsynelatande langt frå allfarveg. Her blir Annie utsatt for grov mishandling, valdtekt og verre. I dagevis, vekevis, månadsvis. Ho greier til slutt å rømme, og vi får vite meir enn vi trudde.

Fortsatt savnet er ei kruttønne av ei bok! Annie fortel til psykiateren sin, og vi får servert ei naken, sårbar, forferdeleg, trist og spennande historie. Det kjennes litt rart å beskrive ein så tragisk lagnad for spennande, men det er frykteleg spennande. Boka er dramatisk og ærleg, men i dei siste kapitla endrar ho seg til å bli reinaste krimboka. Det var heilt uventa, men veldig nervepirrande.

Annie opplever så mykje frykteleg, og litt fint, i fangenskapet - og vi får høyre sjokkerande tankar og refleksjonar rundt det. Eg må seie at forfattaren er særs flink til å innlemme lesaren i situasjonen. Eg likte veldig godt at boka fortel vekselvis mellom opphaldet i hytta og notida. Det er som oftast veldig irriterande når boka (og filmen) sluttar etter at målet er nådd - men her får vi høyre vel så mykje kva som skjer i tida etter rømminga.

Språket er enkelt og lettlest, men likefullt ei god lesaroppleving. Chevy Stevens har sjølv arbeidd som eigedomsmeklar, noko som gav ho ideen til denne boka. Huff og gru for ein fantasi. Eg kjenner at eg begynner å utvikle ein skepsis til varebilar.

Anbefalast!

3 kommentarer:

Bokelskerinnen sa...

Jeg kjente meg igjen i alt du skrev. God anmeldelse! Ser ut som forfatteren kommer med en ny bok (i 2012?) og den skal jeg også lese.

Liker forøvrig at du skriver på nynorsk.

annkolaas sa...

Takk for det! Ja, den vil eg også lese:)

Anonym sa...

Fin side!
(.. og er det ok å legge igjen denne kommentaren.. oppfordre om å stemme fram diktet..):

http://wp.me/pYtns-xC
øystein