RSS

12/52 Dervisjenes dans



Tida flyg. Eit synleg prov på det er at det stadig er på tide å lese ei ny novelle i utfordringa. Eg held dramleis på med Noveller i Samtiden, og denne gongen har eg lese vinnarnovella. God, men eg veit ikkje om eg synest ho er den beste.

Sissel Lange-Nielsen: "Dervisjenes dans"

Novella fortel om ei dame, ei mor, som nettopp har baka goro. Det nærmar seg jul, og ho tek sei ei pustepause og les ei gammal bok om dervisjenes dans. Tiggarmunkar som har fått innpass i muhammedanske land. Det ringer på dørklokka, men ho orkar ikkje å gå ned. Ho les vidare og høyrer juristen opne døra. Ho blir nysgjerrig, men les enda litt til før ho går ned. Ho legg frå seg boka og går ned trappa. Ei framand dame ligg på sofaen i stova. Ho er død. Dama sin åtteårige son veit kven kvinna var gift med. Han går og og kjem tilbake med mannen, ein liten og spinkel mann i syttiårsalderen. Han fortel at ho hadde dårleg hjarte. Den døde dama blir frakta vekk derifrå, og sonen følgjer mannen heimatt. Dama vil bake smultringar. Det er snart jul.

Eg synest novella er bra. Lange-Nielsen har eit svært godt språk, og skriv om trivielle ting for å kaste lys over dei meir eksistensielle spørsmåla i livet. Og omvendt. Samstundes får eg ei kjensle av ei dunkel, mystisk stemning som ligg rundt historia. Livet er forgjengeleg. Dervisjene dansar i sirkel.

Eg har i grunnen ikkje så mykje meir å skrive. Novella er djup og eg kunne nok ha fordjupa meg meir, men eg har ikkje tid no. Eg har ein mann som må klippast.

1 kommentarer:

Bai sa...

Denne høyrest spennande ut. For meg er forfattarnamnet heilt ukjend - Noveller i samtiden høyreste ut som ei samling eg må få tak i.