RSS

Just kids

Patti Smith: Just kids, 334 sider. Oversett av Brit Bildøen

Eg har eigentleg ikkje særleg skrivelyst for tida, men eg kan ikkje ha lese denne boka utan å skrive noko om ho, om enn nokre få ord. Eg byrjar i alle høve berre å skrive, så får vi sjå kor pennen fører meg.

Det må nemnast at eg aldri har vore noko spesielt interessert i Patti Smith. Ikkje noko grunn til det, altså. Eg likar musikken hennar og alt, men det har aldri blitt til at eg har utforska ho nærmare. Da eg las boka høyrde eg litt på ho og kjende at det gav eit fint supplement til historia. Det er jo god musikk, ingen tvil om det. Og no er eg sjølvsagt meir interessert i ho.

I alle fall. Just kids er ein sjølvbiografi, skriven av Patti sjølv, der ho byrjar med barneåra og avsluttar rundt der ho er i ferd med å få gjennombrot med musikken. Historia konsentrerer seg mykje om den første kjærasten hennar, Robert Mapplethorpe, som etterkvart blir den beste venen hennar. Kjærleiken deira tilhøyrer ikkje berre kvarandre, men i aller høgaste grad kunsten. Patti vil bli poet og kunstnar medan Robert tar bilete. Patti skildrar livet deira i byrjinga av 70-talet, korleis dei menger seg med fleire andre kjende kunstnarar, forfattarar og musikarar som i likskap med dei, har fast rom på det legendariske Chelsea Hotel.

Patti Smith skriv veldig godt. Språket hennar er ærleg og stemningsskapande, lik dei gode tekstane i songane hennar. Boka er krydra med fleire personlege bilete og tekstar, noko som gjer ho til eit unikt tidsdokument. Det er unekteleg spennande å få eit innblikk i New York sitt avantgardiske kunstnarliv på 70-talet, men Just kids er mykje meir enn ein biografi. Det er ei forteljing om å vere ung og skapande, om aldri å gi opp draumen sin. Det er òg eit inderleg minne om ein høgt elska ven.

Eg var så heldig å vinne boka (med fleire) i Samlaget sin julekalender 2013, så takk til dei.

Just kids anbefalast til alle, fans eller ei. Det er ei veldig fin bok.


Hvor ble du av, Bernadette

Maria Semple: Hvor ble du av, Bernadette, 341 sider. Oversett av Eivind Lilleskjæret

Denne helga har vore særs innhaldsrik! Mannen blei sendt av garde på guttetur til Amsterdam og eg har vore i Seattle og Antarktis. Vel, eigentleg var eg mest heime og gjorde det vanlege; bretta klede og tvinna tommeltottar, men det er likevel som om eg har vore der. Boka eg leste tok meg dit, så vi kan kanskje konkludere med at eg nesten var der. I alle fall litt.

Møt Bernadette Fox, ein tidlegare høgt akta og genierklært arkitekt med base i Los Angeles. Ei traumatisk hending får ho til å ta med familien og flytte til Seattle. Mannen hennar arbeider og dottera går på skule. Sjølv går Bernadette sjeldan ut av huset. Ho avskyr dei andre mødrene ved skulen og har ansett ein virtuell assistent frå India som tar seg av alle ærend over nettet. For 75 cent i timen (ca 2 kr) bestiller assistenten billettar, skriv e-postar og ringer til fagfolk. Alt Bernadette ber ho om å gjere. Dette går strålande og alle parter er fornøgde. Stort sett. Med unntak av mødrene ved dottera sin skule, som har sett seg lei av at Bernadette aldri møter på foreldremøte eller dugnad. Bernadette er så fråverande på alle måtar at ei av mødrene blir besett av ho, og gjer sitt ytterste for å avsløre ho som psykisk ustabil. Når Bernadette si dotter ønsker å inkassere ønsket sitt om å få det ho vil dersom ho får toppkarakter i alle fag, blir situasjonen verre: Ønsket hennar er nemleg ein familietur til Antarktis. For ei som nødig forlet huset blir det straks problematisk.

Hvor ble du av, Bernadette er ei artig og eksentrisk bok om vanskane med å passe inn i dei sosiale rammene. Historia er herleg underhaldande, til tider absurd, men likefullt varm og rørande. Romanen fortel historia vekselvis med mellom anna brev, intervju og e-postkorrespondansar, og hoppar litt fram og tilbake i tida før og etter Bernadette forsvinner. Ja, eg avslører vel ikkje noko stort sidan det ligg i sjølve tittelen. Dette gjer at vi, som dei andre i boka, må nøste opp i trådane og forsøke å finne ut av kvar Bernadette har blitt av. Den observante lesar vil kanskje kjenne att Semple som manusforfattar til ei rekkje suksessfulle tv-seriar som Ellen, Saturday Night Live, Arrested Development (verdas mest morosame tv-serie, nest etter Seinfeld. Minus sesong 4, den var skuffande) og Beverly Hills 90201. Og her kan det nevnast at likar du Arrested Development, så vil du elske denne boka. Er du ein av dei som ikkje forstår denne fantastiske serien, så er det truleg like greitt å la boka ligge.

Eg fatta interesse for denne boka med det same eg såg ho. Eg hugsar ikkje kvar eg leste om ho første gongen, men det var truleg hos ein av mine ivrige medbloggarar. Nokre bøker veit ein umiddelbart at ein vil like, og denne boka er ei av dei. Her kan du lese kva dei andre bloggarane meiner: Siljeblomst,  Janicke, Beathe (smakebit foreløpig). Har eg da gløymt nokon?

God bok. Anbefalast. Om du ikkje gidd å lese ho, så får du vente til filmen kjem, di lesepyse.

Sølvstjernen

Jeannette Walls: Sølvstjernen, 264 sider. Oversatt av Solveig Moen Rusten

Vi skal til Statene i året 1970. Tolv år gamle Bean bor sammen med den tre år eldre søsteren Liz. Den vimsete moren deres bor også sammen med dem, men hun er stadig på reisefot for å forsøke å lykkes som musiker. Hun er som regel tilbake etter noen dager, og legger alltid igjen nok penger til mat. Når moren nok en gang forlater dem for å finne seg selv og ukene går uten at moren gir lyd fra seg, bestemmer søstrene seg for å reise til morens barndomshjem i Virginia. De får husly hos onkelen, og blir kjent med familiemedlemmer de ikke ante de hadde. Når moren kommer for å hente dem etter et par måneder, setter Bean ned foten. De ønsker å bli værende hos onkelen. 

Når noe skjer med Liz, blir jentene involvert i en rettssak, og kvinners rettigheter er fremdeles et ikke-tema. Bean bestemmer seg derfor for å ta saken i egne hender, og kjemper en kamp mot de voksnes urettferdige rettssystem. Klassikeren Drep ikke en sangfugl har fått en sentral plass i historien, og man kan trekke flere likheter med boken. 

Sølvstjernen er lettlest og av typen "føle godt"-litteratur, hvor omstendighetene er tragiske, men usentimentale. Det er en typisk varm og håpefull beretning om livet og dets opp- og nedturer. Bean har fortellerstemmen, noe som lar oss se verden fra en tolvårings perspektiv. Bean er dog en usedvanlig smart og oppmerksom tolvåring, og handler alltid i beste tro - noe som ofte henne i trøbbel. Dette er tredje romanen til Walls, men mitt første møte med forfatteren. Jeg gleder meg til å lese mer av henne. 

Anbefales.

Takk til Pantagruel Forlag for leseeksemplar.

Beathe og Astrid Terese har også blogget om Sølvstjernen.