Atle Berge: Superpularen, 183 sider. Samlaget
Den sære novelleforfattaren Aleksander Martinson har sett seg lei av maset om å skrive meir om sex og krim, og overraskar derfor med å gi ut romanen Superpularen, ein erotisk kriminalroman. Boka blir ein enorm suksess og ein roman "alle" snakkar om. Faktisk er det så mykje snakk om Superpularen at ein taxisjåfør har byrja å skrive ned alle samtalar passasjerane hans har om boka. Han får etterkvart nok til sjølv å kunne gi ut bok. Ei bok om boka, altså.
Mens sjåføren leitar etter ei siste avrundande historie om Superpularen, blir Aleksander Martinson funne drept. Bunde fast i senga si, innsmurt i vaniljeis - nøyaktig som hovudpersonen i si eiga bok. Ettersom taxisjåføren var en av dei siste som såg Martinson i live, blir han mistenkt for mordet.
Dei som trur dei skal få nynorskutgåva av Fifty Shades blir nok skuffa, for dette er snarare ei satire om bokbransjen. Det er riktignok ein del sex i Superpularen, men truleg ikkje nok til å tilfredsstille ein lesar som låner boka på grunn av tittelen. I alle tilfelle vil nok boka si øvrige handling overskygge det erotiske. Romanen inneheld intertekstualitet og metafiksjon, noko som jo går rett heim hos ein lesande som meg. Men eg trur at ein lesande som kun er ute etter å bli underhaldt vil finne boka uinteressant i lengda.
Konklusjon: Er du av typen som helst les bøker av Jo Nesbø, eller med omslag av typen kvinner sett bakfrå, bør du revurdere Superpularen. Har du derimot sansen for filosofi og kjennskap til anna litteratur enn krim, er det store sjansar for at du vil like boka.
Anbefalast.
Leseeksemplar fått av Samlaget.
Fortellinger fra Roma av Jhumpa Lahiri
for 3 dager siden