Carl Frode Tiller: Innsirkling 2, 400 siderDenne boka fekk eg av Aschehoug, og takk og pris for det, elles hadde eg kanskje ikkje lese desse bøkene i det heile tatt. Nokosinne. Eg grøssar ved tanken. Dette er den beste boka eg har lese i år. Og tru meg, eg har lese mange gode bøker i år. Fy flate for ei bok! For eit språk, for ei handling, løyndommane, avsløringane. Eg er heilt matt her eg sit. Eg ber dykk: Ver snill og les denne boka. Begynn gjerne med første boka,
Innsirkling, få på plass grunnlaget, bli kjend med David gjennom ungdomsvennen Jon, stefaren Arvid og ekskjærasten Silje - brevskrivarane. Oppføgjaren kan godt lesast aleine, men de går glipp av ei fenomenal spenningskurve.
Oppfrisking: I
Innsirkling får vi vite at David har mista hukommelsen. Ei biletannonse i avisa oppmodar dei som har kjennskap til han om å skrive brev, for å gi han minnene tilbake. Ved hjelp av desse breva får vi sirkla inn ikkje berre kven David er, men også stoda til brevskrivarane. Men no: Over til
Innsirkling 2.
Denne gongen er det også tre brevskrivarar, og
Ole, oldesgut og barndomskamerat av David, er førstemann som tek pennen fatt. Han har eit vanskeleg forhold til foreldra, som bur i nabohuset, og kona som slit med store humørsvingingar. Eg vil ikkje røpe meir, men kan seie at det er så avhengigheitsskapande å få ta del i desse historiene at eg ville rive meg i håret da Ole si historie blei bytta ut med Tom Roger.
Tom Roger, ein muskelbunt og tidlegare kompis av David, har nyst blitt saman med småbarnsmora Mona. Han kjem frå ein lang generasjon av småkriminelle og drøymer om eit betre liv. Det tok sjølvsagt ikkje lang tid før eg var like oppslukt av desse personane, og følgeleg like oppgitt når Tom-Roger si historie sluttar og Paula tek over.
Paula, ei eldre kvinne og tidlegare bestevenninne med mor til David. Vi får vere med når sonen og sonesonen besøker henne på gamleheimen. Og det er her dei saftige løyndommane kjem rullande...
Boka/bøkene i seg sjølve er eigentleg nok, fantastisk litteratur berre det. Men når avsløringane på slutten av boka kjem for ein dag, tok det verkeleg av, og no ser eg for meg store ting altså. Eg forventar ein trilogi, minst. Tiller er ein psykologisk meister. Måten han skildrar dei mellommenneskelege relasjonane, personlegdommane, og dei bortimot psykologiske analysene er heilt forbløffande. Han inviterar lesaren inn i djupna på personane, og det er nærmast suggererande å få kome så nært innpå.
Innsirkling 2 - the movie. Eg var inne på det med
Innsirkling, men denne gongen må eg gå grundigare til verks. Kva er det med denne tittelen? Eg kunne ikkje sagt det betre enn Kasiopeiia: Det høyres ut som
ein film. Kvifor har forfattaren (eg går sjølvsagt ut frå at ein som har skrive ei slik bok ikkje har bestemt denne tittelen) gått med på å kalle boka si dette anonyme, fargelause namnet - som ikkje er i nærleiken av å avdekkje kor mykje fint denne boka har i seg. Tenk på alle denne tittelen skyv frå seg, men det er kanskje det som er meininga? At ein må fortene å få lese boka. Gjere seg opp ei eiga meining, trass namnet, og på den måten gjere seg verdig lesaropplevinga. Eller er det kanskje eit salstriks for å få tak i lesarskaren som fell for nettopp slike titlar? Eg veit ikkje. Namnet eller ikkje, ho duftar like søtt.
Med det same eg har merksemda, har eg ein annan sak på hjartet. Dette fenomenet med å ikkje ville lese det "alle andre" les. Eg skjønar poenget. Tiller er i ferd med å vekse i Knausgårdisk fart. Sjølvsagt vil vi vere dei første, og helst dei einaste, som oppdagar storslagen litteratur. Vi vil rope det ut, blogge i det uendelege. Høyr her, eg har lest ei fantastisk bok, fann ho i ein vekkgøymt bokhandel i ei trong bakgate i Praha, dei hadde berre eitt eksemplar. Når det blir allemannseige misser vi interessa. Det var eg som oppdaga det først. Hah, eg likte han lenge før deg. Ja, og eg las han lenge før du var fødd. Og slik held vi fram.
Ikkje ver ein av dei som bestemmer seg for å ikkje lese
Innsirkling-bøkene. Ver så snill. Det er faktisk ein grunn til at folk likar desse bøkene. Ja, eg veit det ikkje skal mykje til før eg er frå meg av begeistring og nærmast genierklærar forfattarar. Eg let meg imponere, eg innrømmer det. Til mitt forsvar skal det heller ikkje mykje til før eg går motsett veg. Visst er eg litt mildare i omtalane mine dersom boka sug, eg har folkeskikk, sukrar litt. Men no. No må heile bøssa tømmast. Fordi den er god. Og gode bøker fortener ære. Løfta fram. Hylla.
Ver snill og les desse bøkene. Snarast!