Som så mange andre toppbloggararar i desse tider, har også Espen Hilton gitt ut bok. I boka, som har undertittelen fra mobbeoffer til toppblogger, skriv han om dette nye selfie-fenomenet, som slett ikkje er så nytt likevel. Han har fått kjendisar til å stille opp med eigne selfiar, samt seie litt om nettmobbing og deling av bilete i sosiale media. Eg likte best å lese historia til Espen, som dessverre berre var eitt av ni kapittel. Resten av kapitla handlar om selfiar, hemmelege triks, dei beste appane, kjendisselfiar og anna selfierelatert stoff. Det låg nok i korta, jf. tittelen og alt, men eg hadde likevel venta meg ei litt annleis fordeling. Eg synest det blei litt for mykje selfies og litt for lite Espen, for det er historia hans som er det mest interessante her.
Og det meiner eg som ein kompliment.
Men; og det kan du lese med majusklar, eg likar konseptet og er for det meste som kan vere med på å auke sjølvkjensla og gravleggje janteloven. Selfies er kanskje toppbloggaren sin måte å fylle ut linjene? Dei usagte orda. Eit bilete seier som kjent meir enn tusen ord, så selfies blir små historier i seg sjølv. Kanskje like viktig som det skrivne ordet. I begge tilfelle kler ein av seg og ventar på dommen. Blir det hjarte og kjærleik, eller kritikk og hat? Ein kan i grunnen aldri vite.
Fuck janteloven.
Leseeksemplar fått av Aller Forlag.
Psst! Fekk du lyst til å lese boka, kan du prøve lukka på Instagram: @annkolaas