Alyson Richman: En himmel av brev, 331 sider. Omsett av Tiril Broch Aakre
Portofino, Italia 1943: Den unge cellisten Elodie går av båten i ein liten landsby. Ho har falske identitetspapir og er redd for å bli tatt av den tyske soldaten som kontrollerer alle utanfrå. Når det er hennar tur kjem ein framand mann springande og seier at ho er kusina hans. Han redder dermed livet hennar. Den framande er landsbylegen Angelo. Boka vekslar deretter mellom Elodie og Angelo, som begge har vonde historier bak seg.
Historia kunne ha vore god, men eg synest forfattaren går i kjærleiks-klisse-fella. Kjærleiken er så oppslukande at alt anna kjem i bakgrunnen. Det er andre verdskrig, hemmelege oppdrag og eit levande Italia. Alt ligg til rette for god lesing. Vi får høyre om spennande motstandsarbeid og musikken ligg som eit vakkert bakteppe gjennom heile romanen. Litt for vakkert. Alt er rett og slett så sukkersøtt at det får motsett verknad. Eg fekk til slutt lyst til å spy av desse skildringane. Høyr berre:
"Når hun lo, lød det som den vakreste musikk i ørene hans. Som om Gud hadde fanget sollyset og sluppet det løs i henne."
Eller denne: "Han pustet henne inn, hele kroppen hennes, som om hun var en del av ham. Hun var som luft, ild og vann, alt på en gang - alle elementer han trengte for å overleve i denne verden."
Og kanskje den aller verste: "Han kysset henne overalt. Brystenes to rosa bringebær."
Spy.
Eg legg ikkje skjul på at eg hadde høge forventingar til denne romanen, fordi eg likte så godt førre boka hennar, Hele livet på en dag. Eg blei dessverre skuffa. Svært skuffa. Eg synest historia er føreseieleg og språket så fullt av klisjear at boka til slutt blei ei pine å lese. Eg ser at første boka er omsett av ein annan, så kan det vere årsaken? Eg veit ikkje. Du får lese sjølv og sjå kva du meiner.
Andre som har blogga om boka er Tine.
Takk til Cappelen Damm.
Kapittel 2023 #2
for én dag siden