Visste du at av 400 000 innbyggarar i Noreg, blei rundt 800 av dei skulda for trolldom? Eller at den siste "heksa" som blei dømd i Noreg, blei brend i 1695? I denne boka fortel Basso om hekseprosessane i Europa frå år 1400 til rundt år 1700.
Vi får mellom anna høyre om uskuldige småjenter som blei mistenkte for å vere hekser fordi dei fortalde fantasihistorier, kvinner som blei skulda for å vere i pakt med djevelen fordi dei ikkje fekk born og kvinner som blei skulda for å ha fødd djevelen sitt born. Ein kunne bli tatt for å vere heks dersom ein blei gammal og stygg litt for fort, om ein var litt for fin og om ein skulle vere så uheldig å vere i nærleiken om noko fælt hende med andre. Både menn og kvinner blei dømde for å drive med trolldom, men kvinnene var spesielt utsette.
Kvifor var det slik? Du får ikkje nødvendigvis svaret, men boka gir deg mange gode forklaringar på korleis dette kunne skje og kvifor det framleis kan skje nokre stader i verda.
Heksejakt er ei faktabok for born og unge, og både språk og forteljarstil er utforma med tanke på eit ungt publikum. Boka er delt inn i fem kapittel som tar for seg temaa på ein oversiktleg måte, og ho famnar alt frå Jeanne d`Arc til den moderne heksa i dag. Eg likar særs godt stiltonen i boka, kor Basso stiller spørsmål til lesaren og svarer på ein forståeleg måte utan å verke påtatt. Det blir meir som ein dialog mellom forteljar og lesar, noko som er spesielt fint for ein yngre lesar. Det er berre ein liten sak eg ønsker å nemne, og det er at Basso er veldig bastant på å skilje mellom "dei" og "vi" når ho fortel. Ho skriv til dømes at i dag "veit vi jo at trolldom ikkje finst" og at det er "provoserande at nokon leikar heks og bagatelliserer den forfølginga hundre tusen menneske blei utsette for for berre nokre hundreår sidan". Eg ser for meg at nokon kan kome til å ta det ille opp - til dømes dei som driv med Wicca og kvit magi i dag. Sett vekk frå dette synest eg det er ei veldig fin og heilskapleg bok som gir god innsikt i eit viktig tema. Eg måtte krangle med eldstejenta mi for å få lese først, så ho ivra etter å få fordjupe seg i boka.
For den meir interesserte lesaren finst det tips til vidare fordjupning og ei rik kjeldeliste bak i boka. Dei flotte illustrasjonane er og med på å løfte lesaropplevinga.
God bok. Eg tilrår.