RSS

Det finnes ingen helhet

Helga Flatland: Det finnes ingen helhet, 220 sider

Dette er siste boka i Flatland sin trilogi om dei etterlatne av barndomskameratane Tarjej, Kristian og Trygve. Denne har eg gleda meg til heilt sidan eg fekk nyss i at det skulle ei tredjebok. For å forstå fullt ut kva denne serien handlar om og kor gode desse bøkene er, tar eg meg fridomen til å repetere innlegget eg hadde om første boka Bli hvis du kan, reis hvis du må: 

Barndomsvenene Tarjej, Kristian og Trygve veks opp i ei trygg lita bygd, der alle veit kven alle er. Etter militæret bestemmer dei seg for å verve seg til dei norske styrkene i Afghanistan. Ingen av dei kjem heim. Attende sit familie og vener med tankane, spørsmåla, sorga. Ei smerte så stor at ho skapar avstandar og bryt band. Kvifor reiste dei? Kva med dei som venta heime?

Boka er delt inn i fire delar, fortald av Tarjej, Jon Olav, Karin og Trygve. To av dei som reiste, to av dei etterlatte. Denne forteljarteknikken fyller ut hola, og gjer historia heilskapleg og sterk. Flatland gir hovudpersonane ei særeige røyst med å la dei fortelje vekselvis på nynorsk og bokmål, noko eg trur eg aldri har vore borti før. Dialekt ja, men ikkje fullstendig skifte av målform. Eg likte dei nynorske delane best. Det er som om orda inneheld meir styrke. Opplevinga blir forsterka; sorga blir tyngre og gleda meir lykkeleg. 

Dette er truleg den nye yndlingsboka mi. Ei bok som kan få meg til å kjenne  mykje. Sakn, lengt, sorg. Eg har lest om menneske busatt i den same bygda. Ein trygg barndom som likevel lagar djupe sår. Det gir meg ei taus sorg eg ikkje veit korleis eg skal takle. Flatland lar meg komme så intens nært at eg veit med heile kroppen at dette er ei historie eg seint vil gløyme. 

Bli hvis du kan. Reis hvis du må er ei nydeleg, sterk bok om å bryte ut av ein tryggleik som ikkje lenger kjennes trygg. Takk til du anonyme som tipsa meg om denne boka for nokre månader sidan.

I oppfølgjaren Alle vil hjem. Ingen vil tilbake har eg skrive at ord ikkje kan beskrive kor bra ho er, kor godt eg likar ho. 

I Det finnes ingen helhet får vi innsyn i korleis dei etterlatne har det, fem år etter hendinga. Kva som har skjedd sidan sist, korleis dei har greidd å kjempe seg attende til kvardagen. Dei to første bøkene har vist oss moglege årsaker som førte til avgjerda om å reise, i denne får vi sjå korleis ei bygd lamma av sorg sakte kjem ut av dvalen. Det er ei nydeleg, sårbar og tankevekkjande forteljing. Samstundes kjennest det litt feil å kalle det ei forteljing. Forteljinga er på ein måte ferdig. Det er det som skjer etterpå det handlar om. I denne boka er det Karin, Hallvard, Bjørn og Ragnhild som fører ordet. Sistnemnde er kommunelege i bygda og kjende godt dei tre gutane. Ho veit også kva sorga gjer med dei som er att. Bjørn reiste til Afghanistan saman med dei tre andre, men kom heim aleine - utan heltestatus. 

Helga Flatland blir sagt å vere ein av dei viktigaste samtidsforfattarane, og det er ikkje utan grunn. Ho skriv svært godt, skildrar mellommenneskelege forhold på ein trygg og sterk måte. Språket er særs godt, og ho er like god på begge målføre. Da eg tidlegare i år var med som litterær konsulent i arbeidet med å lage ei ny norskbok for yrkesfaga, var det ein ting forfattarane var samde om allereie under jobbintervjuet: Dei skulle ha med eit utdrag av Helga Flatland sin roman. Og slik blei det.  

Eg avsluttar med å repetere meg sjølv nok ein gong: Ord kan ikkje beskrive kor bra desse bøkene er, kor godt eg likar dei. Eg er stum. Treng eg seie meir?

Anbefalast på det sterkaste. 

Takk til Aschehoug for lesareksemplar.

Dette burde skrives i nåtid

Helle Helle: Dette burde skrives i nåtid, 153 sider. Oversatt av Trude Marstein

- Jeg er så glad for at du og Per har begynt å være sammen, sa hun. Jeg visste ikke hva jeg skulle svare, jeg tenkte mest på håret hennes. - Indeed, sa jeg, og hun nikket et par ganger, jeg hadde ikke fått trukket opp sokkene ordentlig inne i støvlene, de krøllet seg under foten.

I denne boken møter vi en ung kvinne som flytter inn i et hus ved en jenrbanestasjon i en småby. Hver dag reiser hun med tog til København. Hun skal egentlig studere ved universitetet, men kommer seg aldri dit. Hun tilbringer i stedet dagene med å vandre rundt i byen, sjelden med et åpenbart mål. Hun sover dårlig og tenker tilbake på tidligere forhold, noe som forstyrrer skrivingen hennes.

Siden jeg likte så godt Helles forrige roman, Ned til hundene, var jeg sikker på at denne kom til å falle like godt i smak. Men den gjorde ikke det. Hvorfor ikke, greier jeg ikke helt å sette fingeren på. Hun har det samme, dempede språket, skriver om like trivielle ting og jeg får akkurat samme følelsen når jeg leser. Likevel ble jeg ikke bergtatt. Jeg kom liksom aldri inn i historien, men tok meg i å dagdrømme og tenke på annet oftere enn tillatt. Kanskje er det meg, jeg vet ikke.

Rydde ut

Helene Uri: Rydde ut, 258 sider

Du kan skrive deg selv inn i boken, sier hun. Nei, sier jeg. Og meg! sier venninnen min. Jeg skriver ikke på den måten, sier jeg, har aldri gjort det og kommer aldri til å gjøre det. Å jo, sier venninnen min. Jeg kan love deg her og nå at jeg aldri kommer til å skrive en bok der jeg selv er med, sier jeg irritert og skjenker i mer te.

Helene Uri er i gang med en ny roman om lingvisten Ellinor Smidt, som drar fra Oslo til Finnmark for å forske på utdøende samisk språk og historier som av den grunn forsvinner. En dag ringer de fra pleiehjemmet og forteller at Uris mor har gått bort og dermed står opphavet til Uris egne historier, forbindelsen til fortiden, i fare for å bli borte. Romanen deler seg derfor i to parallelle fortellinger, en om den fiktive språkforskeren og en selvbiografisk om Uris jakt på egen slekt.

Dette er ulikt noe jeg tidligere har lest av Uri, og jeg tror jeg har lest samtlige av hennes romaner unntatt Engel i nylon - som jeg måtte legge bort etter å ha lest noen få sider og skjønt at historien blir tristere enn jeg greier i dag. Men kanskje jeg orker senere, når barna mine er eldre. Vi får se. I alle fall, i Rydde ut blir vi (endelig) bedre kjent med privatpersonen Uri. Hun er åpen om savnet etter moren, noe som gir historien en varm nerve. Samtidig er hun en formidler som tar leseren med i skapelsesprosessen. Vi får høre hvordan og hvorfor hun velger å forme Ellinor Smidt som hun gjør, hva som er med fra hennes eget liv og hvordan Uri selv overlater fortellingen til tilfeldighetene og liksom blir styrt i egen retning. Hun viser leseren at hvordan vi velger å møte verden først og fremst er preget av hvem vi selv er.

Jeg synes den selvbiografiske delen kler Uri og tar gjerne mer av den slags.

Anbefales.

Takk til Gyldendal for lesereksemplar.

Frå Ragnar til alle. E-post i utval

Frå Ragnar til alle. E-post i utval, 143 sider

Fra: Ragnar Hovland
Sendt: 26. september 2001 11:35
Til: Samlaget
Emne: Råd i kvardagen

Har du stundom ei kjensle av at ingen legg merke til deg? Ta kjensla på alvor og gjer noko med det: Gå heile trappa, frå 1. til 5. høgda, opp og ned ein 10-15 gonger. Trø hardt og tydeleg. Etter ei stund vil truleg folk begynne å lure på kven det er.

-------------------------------------------------------------------------------------

Ragnar Hovland var i ei årrekke litterær konsulent ved Det Norske Samlaget. Han hadde kontortid eit par dagar i veka, og desse dagane blei dei andre tilsette bombardert med Ragnar Hovland sine kortare og lengre e-postar med ymse tema. For mange av kollegaene blei dette vekas høgdepunkt, og det skjøner eg godt for denne fyren er vittig. Eg har lest fleire bøker av han før, men det er som om eg frå kvar gong gløymer kor morosam han faktisk er.

Fra: Ragnar Hovland
Sendt: 8. april 2002 13:04
Til: Erle M. Stokke
Emne: Automatisk svar når du er borte frå kontoret: Dersom vi hadde hatt president...

Eg er Ragnar Hovlands fråversassistent. Hovland, eller The Boss, som vi gjerne kallar han her, er ikkje på kontoret. Normalt sett er han her på ons- og torsdagar, men kva er "normalt" i vår tid? Elles slit eg med litt angst for framtida, men det har kanskje berre med årstida å gjere?

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Boka er ei samling av e-postar han sende til dei tilsette i løpet av 2000-2009, og vi får blant anna lese om forbrukartestar, livsfunderingar om mangt og mykje, hjartesukk frå den einsame fråversassistenten, funfacts om pungdjevlane - med tilhøyrande bilete og meir. Mykje meir. Eg kan ikkje anna enn å plukke ut nokre eksempel, men tru meg når eg seier at desse små dryppa ikkje er i nærleiken av å vise kor artig denne boka faktisk er.

Fra: Ragnar Hovland
Sendt: 29. mars 2007 12:42
Til: Det Norske Samlaget
Emne: Visning

Eit klassisk Berit Teppen-visittkort ligg no til framvisning på prosjektkontoret. Berre i dag.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ei særs lattervekkjande bok. Anbefalast sterkt.

Takk til Samlaget for lesareksemplar.




Fugletribunalet

Agnes Ravatn: Fugletribunalet, 208 sider

I år blir det ein særs god bokhaust. Agnes Ravatn har (endeleg!) skrive ei ny bok, Ragnar Hovland sine e-postar i utval har kome i bokform (eg er allereie i gong med ho, hysterisk morosam bok.), Erlend Loe, Selma Lønning Aarø og Helene Uri kjem med nye romanar. Og sjølvsagt fleire, men det er desse eg er mest oppteken av.

Men no skal det handle om Ravatn. Har du gløymt kven denne fantastiske dama er (går det an ikkje å vite det?), eller kva ho har skrive før, kan eg friske opp minnet ditt her, her og her. Har du ikkje lese noko av ho før? Ein. Skam deg. To: Gjer noko med saken snarast råd. Ho er truleg den mest morosame dama i landet.

Fugletribunalet handlar om tv-kjendisen Allis Hagtorn, som etter ein skandale rømmer frå offentlegheita. Ho får seg jobb som hushjelp og gartnar for einstøingen Sigurd Bagge, i ein eldre trevilla i ein nokså aude stad ved fjorden. Ved å fokusere på dei daglege gjeremåla forsøker Allis å ta ein dag av gongen og gradvis bygge seg opp att, men Sigurd Bagge si lunefulle åtferd gjer ho stadig meir usikker. Kva gjer han på arbeidsrommet sitt heile dagen og kvar er kona hans? Sigurd Bagge har mange løyndommar og Allis har vanskeleg for å slappe av i nærleiken av han. Likevel er ho meir fascinert enn skremd, og sjølv om ho står fri til å reise når ho vil, vel ho å bli.

Både Allis og Bagge har av ulike grunnar trekt seg attende frå samfunnet og forsøker å finne rotfeste i einsemda. Allis ser ut til å gløyme kvifor ho reiste frå alt, og ho blir stadig meir opptatt av Bagge. Bagge gir lite av seg sjølv, noko som gjer ho frustrert og lengtande etter meir.

Eg skalv lett. trekte pusten djupt. han tok eit steg fram, bøygde seg mot meg. Han lente seg ned til meg. Så la han ansiktet mot kinnet mitt, leppene mot øyra mitt. Eg lukka augo, den varme pusten hans mot øyra sende lyn nedover ryggsøyla.
Hore.
Han reiste seg og snudde seg mot fjorden, mot månen. Så gjekk han sakte opp trappene.

Ravatn har nok ein gong skrive ei glimrande bok. Med Fugletribunalet viser ho at ho er meir enn berre humor og kvikke replikkar. Historia er meir intens og djuptpløygande, og slutten tar ei overraskande mørk vendig. Ravatn skildrar menneskesinnet på ein truverdig måte, ho bruker naturen og fargane og gir små drypp av hint som driver historia framover. Det er ikkje berre Allis som blir oppgitt over Bagge, men lesaren vil nok også rive seg i håret av frustrasjon over denne kompliserte framferda. Forholdet deira gav meg assosiasjonar til klassikarar som Jane Eyre, Stormfulle høyder, Skjønnheten og udyret og alle desse ambivalente tosemdene. Når alt kjem til stykket, er vi berre menneske som vil bli elska.

Ei veldig god bok. Bravo, Ravatn!

Takk til Samlaget for lesareksemplar.



Vareopptelling

Erlend Loe: Vareopptelling, 130 sider

I Vareopptelling blir vi kjent med den aldrende lyrikeren Nina Faber. Hun har ikke gitt ut noe på år og dag, men etter et lengre opphold i Istanbul utkommer hun med diktsamlingen Bosporos. Boken følger Nina den dagen diktsamlingen blir utgitt, og flere aviser har anmeldt den. Slaktet den. Nina har lagt altfor mye i Bosporos til å finne seg i dette. Hun bestemmer seg for å oppsøke personene som har anmeldt diktsamlingen og gi dem en ordentlig lærepenge.

Det slår i ytterdøren og Nina blir med ett klar over at hun har stått lenge blant Kulpes bøker og helt mangler en plan for hva som skal hende når han kommer hjem.Hun blir dessverre nødt til å slå ham litt, tenker hun. 

Erlend Loe er bankers. Når han gir ut noe nytt, må det selvsagt leses. Han er seg selv lik. Morsom og tørrvittig. Det er typisk Loe. Boken har flere sekvenser som er hysterisk morsomme, få karakterer og festlige dialoger. Men jeg synes likevel at det mangler noe. I likhet med Fvonk er det ett og annet som gjør at den ikke kommer helt til topps. Jeg savner mer handling, tettere oppfølging - de fandenivoldske og til tider meningsløse, men akk, likevel så herlig treffende kommentarene bøkene hans er så fulle av. Men jeg synes Vareopptelling er hakket bedre enn Fvonk, og når jeg sier at jeg synes den mangler noe så mener jeg at jeg ikke lo konstant, bare nesten. Mer kan man vel knapt forlange. Loe får bare skylde seg selv for å ha lagt lista så høyt.

Etter å ha lest denne artikkelen kan man undre seg hvorfor Loe har skrevet denne boken, og til hvem. I alle tilfeller er det en festlig historie og verdt lesingen.

Anbefales.

Takk til Cappelen Damm for lesereksemplar.

Gulldronning, perledronning

Margaret Skjelbred: Gulldronning, perledronning, 208 sider

Vaksne Signhild sit ved senga til morfaren, som ikkje har lenge att. Minnene tek ho attende til sommaren ho var sju år. Noko forferdeleg har hendt med Signhild, ho har forsvunne inn i "Berget det blå" og morfar skal lokke ho ut derifrå. Dette gjer han forsiktig ved å fortelje hennar historie i form av kjende eventyr og skikkelsar. Etter år med forsømming og omsorgssvikt, er morfar det einaste trygge i livet hennar. Han tar med den målbundne prinsessa enda lenger inn i Berget og saman tek dei opp kampen mot det vonde trollet.

- Fortell, morfar, fortell! Fortell! Fortell! - Vent nå, gulldronning, perledronning, hør nå litt på meg, sier morfar og setter sykkelveskene fra seg.

Også i denne boka tar Skjelbred i bruk bornet som forteljar, og den vaksne lesaren må sjølv tolke det usagte mellom orda. Det er skjørt og vakkert, men samtidig ei vond og intens forteljing. Historia handlar ikkje berre om Signhild, men gir oss eit gløtt inn i tre generasjonar med liding og svik. Morfar forsøker å bøte på tidlegare feil ved å vere fullstendig sjølvoppofrande for det vesle barnebarnet sitt. Det er ein smertefull prosess, men med kjærleik og tolmod går det den rette vegen.

Dette er ei av dei nydelegaste, men samtidig urovekkande og fælslege bøkene eg har lese. Hjartet mitt blør..

Det er ikke i minnelige tider og ikke i uminnelige tider heller. Det er her og nå. Og det er nå han ikke hører meg lenger.

Anbefalast sterkt.

Slangemønster

Minette Walters: Slangemønster, 362 sider. Oversatt av Torleif Sjøgren-Erichsen

Dere som følger bloggen min, vet at jeg ikke er videre begeistret for krim. Men jeg leser jo en og annen krim i løpet av året og da er ikke Walters å forakte. Nå har jeg vel lest en fem-seks av hennes bøker, og de gir mer eller mindre alltid mersmak. Denne var intet unntak.

Slangemønster handler i all hovedsak om et mord (?) som skjedde for over 20 år siden, nærmere bestemt i London, november 1978. Det er "Gale-Annie" som blir funnet død i rennesteinen like ved huset i gata hvor hun bor. Ingen ser ut til å bry seg om at denne kvinnen er død, og til tross for at flere ting tyder på at hun ble offer for en ugjerning, blir saken henlagt ganske snart. En av naboene hennes, Mrs Ranelagh er overbevist om at hun ble myrdet, men blir ikke hørt. 20 år senere har Mrs Ranelagh fremdeles ikke glemt denne saken og begynner å etterforske hendelsen på egen hånd. Og alt peker mot mord.

Minette Walters er seg selv lik. Har du lest en av hennes romaner, vet du hvordan hun bygger opp spenningen. Hun utelater ingen detaljer og boken er full av rapporter, korrespondanser og annet som er med på å nøste opp mysteriet. Walters er mester i å gå i dybden, og den til tider kompliserte historien er ytterst imponerende. De fleste er mistenkte og vi får ikke vite hvem som er skyldig før helt til slutt. Akkurat slik en god krim skal være.

Anbefales.