Helene Uri: Den rettferdige, 309 sider
Karsten og Marianne er gift og har to barn saman. Før var dei svært nyforelska og kunne ikkje få nok av kvarandre. No har forholdet sett sine bedre dagar. Jentene krev sitt, Marianne har lagt seg litt ut og Karsten er mest oppteken av kva som går på fjernsynet. Så er det desse rutinene da.. Ein kveld har Marianne fått nok. Ho seier ho er gravid. Sidan det er godt over ni månadar sidan dei i det heile tatt har tatt i kvarandre på den måten, blir Karsten naturleg nok svært oppskaka. Ho spør Karsten om han også har vore utru. Han nektar. Marianne legg ut om eine mannen etter den andre. Kva dei gjorde med ho. Korleis dei ser ut. Så kjem tilståinga. Han har vore utru. Fleire gonger. Da seier Marianne at ho berre laug. Det finnest ingen unge. Ho har aldri vore utru. Ho har alltid vore trufast. Karsten har svikta og no skal han få svi.
Marianne er såra over å bli ført bak lyset, og ho begynner å mistenke Karsten for meir enn utruskap. Kan han ha gjort noko med døtrene? Ho tek kontakt med den pensjonerte dommaren Edvard Frisbakke, ekspert på overgrepssaker og ein rettferdig mann. Bevisa listast opp og det som før gjorde Karsten til ein kjærleg og god far, peikar han no ut som ein brutal overgripar. Han blir dømd og skal ikkje lenger få ha kontakt med dei to små døtrene sine.
Først og fremst er dette ei tragisk historie om menneske som gjer kvarandre vondt fordi dei er glade i kvarandre. Det blir gjort feilgrep som aldri kan bøtast og alle sitt attende som offer. Men det er også ei Uri-bok, som for meg betyr digresjonar. Måten ho får fram historia bak personane, kva som har vore med på å forme dei, merkelege vanar og interesser dei har. Det skaper ein lettare kontrast i ein elles trist kontekst. Desse parallelle historiene gir lesaren større innblikk og forståing i at dette ikkje handlar om å finne ein syndebukk. I denne historia er alle skadelidande. Det er ei vond historie.
Anbefalast.
«Ikke for nær» av Egil Ulateig
for 10 timer siden