RSS

"Hvis jeg ikke får danse, er det ikke min revolusjon"


På kortlista til Bokbloggerprisen 2018 finn vi Brev til en ufødt datter av Anne Bitsch, som er nominert i kategorien Årets beste sakprosa. Eg har ansvaret for samlesnaden av denne boka i mai, og skal gjere mitt beste for å vise dykk kvifor boka er nominasjonen verdig.



Anne Bitsch: Brev til en ufødt datter. Om frihet, sex og søsterskap, Spartacus forlag 2018

"Hvis jeg ikke får danse, er det ikke min revolusjon." Dette skal den russiske anarkisten Emma Goldman ha sagt, da ein partikamerat fortalde henne at det ikke passa seg for ein leiar å danse. I denne boka er det fleire brev til ei oppdikta dotter, Emma, inspirert av denne russiske kvinna. Her skriv Bitsch om korleis kvinner blir fortalt at vi er likestilt og har alle moglegheiter, men samtidig får erfare at det ikkje gjeld seksualiteten vår.

Gjennom forskning og eigne historier, tar ho opp tema som kroppsleg sårbarheit og ansvar. Ho set fokus på korleis valdtektssaker blir handsama i rettssystemet, der retten ofte tar overgriparen sitt parti. Kvinner sit altfor ofte tilbake, og føler skuld over det dei har har opplevd. Dei må leve med skam over noko som ufrivillig blei påført dei, og kan lenge streve med å vere i ei offerrolle. Kanskje kjem dei seg aldri heilt ut av den.

Brev til en ufødt datter viser kor viktig det er at vi står saman. Det er ikkje berre brev til ei dotter, men til ein heil generasjon. Det handlar om #metoo, #jegharopplevd - og korleis vi kan ta kampen vidare. La oss få danse.


Vil du lese meir utfyllande om boka, anbefaler eg å sjekke ut Rose-Marie og Signe, som begge har skrive svært gode innlegg.

For meir info om Bokbloggerprisen, samlesnad og korleis du kan stemme, sjå her.

Kanskje har du allereie lese boka? Få høyre! Om du har skrive omtale, er du velkommen til å legge att lenke i kommentarfeltet.